Doing Time

Masteremne

Emnebeskrivelse

Utfyllende semesteromtale

Utfyllande semesteromtale for komande semester vil bli publisert så snart som råd er.

Mål og innhold

Dette er eit prosjektbasert emne med fokus på tid i relasjon til kunstnariske prosessar, der ein utforskar ein eller fleire perspektiv som treig tid, akselerert tid, ikkje-lineær tid, fanga tid, geologisk tid, osv. Det vert lagt vekt på moglegheitene for tidsrom og tidsignaturar i eit kunstverk; historia til dei materielle komponentane, prosessen med å skape det i kunstnaren sine hender, rytmen i sirkulasjonen og formidlinga, politikken i absorberinga inn i ein kulturell kontekst.

PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.

Læringsutbytte

Kunnskap:

  • Utvikle medvit om relevante kjelder og praksisar

Ferdigheiter

  • Utvikle nye ferdigheiter knytt til tidsorienterte prosessar i kunstverk
  • Identifisere, søke ut og anvende relevante ferdigheiter i eit sjølvinitiert prosjekt

Generell kompetanse

  • Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
  • Anvende ny kunnskap og ferdigheiter i kunstpraksisen din
  • Løyse, realisere og presentere eit utstillingsbasert prosjekt.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningssted

Campus Møllendal 61.
Krav til studierett

Opptak til Masterprogrammet i kunst.

Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:

  • Prosjektutvikling
  • Individuell utforsking
  • Gruppearbeid
  • Førelesingar
  • Presentasjonar
  • Gruppediskusjonar
  • Rettleiing
  • Tilvist litteratur
  • Skriveøvingar
  • Verkstadbasert instruksjon

Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.

Vurderingsformer

Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.

Vurderingskriterium:

Utforsking

Fagkunnskap

Eksperimentering

Realisering

Samarbeid og sjølvstendig arbeid

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår.
Emneevaluering
Emnet evaluerast kvar tredje semester jf UiB sitt kvalitetssystem.