Of Course!

Masteremne

Emnebeskrivelse

Utfyllende semesteromtale

Fokusområde: Måleri – tids- og linsebaserte medium – materiell- og objektbaserte installasjonar

Modulansvarleg: Duncan Higgins

Mykje av den arva kunnskapen vår og tradisjonane for representasjon kjem gjennom målerihistoria. Måleri fyller førestellingane våre og viser oss eit spekter av idear, minne og identitetar. Korleis kan vi halde fram med å forme slike representasjonar gjennom arbeidet vårt som samtidskunstnarar?

Gjennom presentasjonar, seminar, rettleiingar og ei avsluttande gruppeutstilling/-hending undersøkjer dette emnet våre personlege og kulturelle relasjonar til omgrepet vi kallar «landskap» – eit omgrep som rommar sterke framstillingar av individuelle og nasjonale identitetar, men som òg skaper eit samtidsmiljøtraume med problematiske konsekvensar. Ved å sjå nært på mytar, symbol, minne, teknologiar og fikseringar som ligg til grunn for våre eigne møte med den naturlege verda, vil vi undersøkje korleis kunstpraksis kan bidra til ei utviklande forståing av forholdet mellom natur og kultur – og mellom miljø og førestellingsevne.

Mål og innhold

Dette er eit prosjektbasert emne som søkjer å utfordre og rokke ved det vi veit, det vi trur vi veit, og det vi går ut frå som opplagt. Sentralt i emne sin utforsking er felles forestillingsverder, kunnskapssystem og tru, og sjølve naturen av eit ‘kunstemne/course' (sjølvsagt!).

PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.

Læringsutbytte

Kunnskap:

  • Utvikle medvit om relevante kjelder, diskursar og praksisar

Ferdigheiter

  • Identifisere, søke ut og anvende relevante ferdigheiter i eit sjølvinitiert prosjekt

Generell kompetanse

  • Kritisere og reformuler tidlegare kunnskap
  • Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
  • Anvende ny kunnskap og ferdigheiter i kunstpraksisen din
  • Løyse, realisere og presentere eit utstillingsbasert prosjekt.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningssted

Campus Møllendal 61.
Krav til studierett

Opptak til Masterprogrammet i kunst.

Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:

  • Prosjektutvikling
  • Individuell utforsking
  • Gruppearbeid
  • Førelesingar
  • Presentasjonar
  • Gruppediskusjonar
  • Rettleiing
  • Tilvist litteratur
  • Skriveøvingar
  • Verkstadbasert instruksjon

Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.

Vurderingsformer

Innlevering av kunstnarleg prosjekt, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.

Vurderingskriterium:

Utforsking

Fagkunnskap

Eksperimentering

Realisering

Samarbeid og sjølvstendig arbeid

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår.
Emneevaluering
Emnet evaluerast kvar tredje semester jf UiB sitt kvalitetssystem.