Profesjonsforberedende 1 - Psykologrolle og psykisk helse

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gir ei brei innføring i psykisk helse, behandling, fagetikk og psykologrolla i samfunnet.

Studentane skal tileigne seg grunnleggjande forståing for ulike psykiske lidingar, prinsipp for behandling, profesjonsetiske utfordringar, samt samfunnsmessige og kontekstuelle rammer for psykologyrket.

Det blir lagt vekt på integrert helseforståing og bruk av psykologisk kunnskap på både individ-, gruppe- og systemnivå. Dette inkluderer førebygging, folkehelse og primærhelsetenesta, samt psykologen si rolle i møte med somatiske sjukdommar og kriser.

Emnet gir slik ei heilskapleg innføring i psykologrolla, legg eit grunnlag for vidare læring i klinisk psykologi, helsepsykologi og samfunnspsykologi, og gir samtidig ein profesjonsnær kontekst for dei psykologiske basaldisiplinane.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne kan studenten...

  • gjengi og diskutere sentrale kjenneteikn ved psykisk helse i eit livsløpsperspektiv, ulike psykiske lidingar, og korleis desse kan forståast og behandlast
  • gjengi og diskutere psykologen si rolle, ansvar og funksjon i helsevesenet og samfunnet
  • gjengi og diskutere etiske retningslinjer, lover og forskrifter for psykologar i Noreg
  • gjengi og diskutere tydinga av kontekstuelle, samfunnsmessige og kulturelle faktorar for psykisk helse og behandling
  • gjengi og diskutere sentrale teoriar og arbeidsmetodar innan førebyggjande og helsefremjande psykologisk arbeid

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten...

  • nytte relevante psykologiske omgrep, modellar og perspektiv i forståinga av psykisk helse og kliniske problemstillingar
  • vurdere førebyggjande og helsefremjande tiltak på individ-, gruppe- og systemnivå
  • identifisere, reflektere over og handtere etiske dilemma i klinisk arbeid og forsking
  • reflektere over eigne behov for sjølvivaretaking og personleg utvikling som ledd i profesjonell rolleutvikling

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten...

  • relatere profesjonsetiske, juridiske og samfunnsmessige perspektiv til rolla som psykolog og forskar
  • analysere og reflektere kritisk over eigen fagleg og profesjonell ståstad
  • vise evne til tverrfagleg samarbeid og forståing for samspelet mellom personleg, sosial og samfunnsmessig helse
  • vise forståing for tydinga av menneskerettar, mangfald og brukarmedverknad i møte med pasientar og samfunn

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
  • Førelesingar med integrerte øvingar
  • Førelesingar med videodemonstrasjonar
  • Heimeoppgåver og sjølvstudium
  • Seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking på følgjande undervisningsaktivitetar (minst 80 % obligatorisk oppmøte):

    • Førelesing om første steg mot profesjonsrolla
    • Førelesingar med integrerte øvingar om sjølvivaretaking
    • Førelesing med integrerte øvingar om samfunnspsykologi
    • Førelesing med integrerte øvingar om helsepsykologi
    • Førelesingar med videodemonstrasjonar av psykoterapi
    • Seminar om profesjonsrolle og fagetikk
  • Innlevering av eit refleksjonsnotat basert på seminarundervisninga
  • Videobasert arbeidskrav der studenten responderer på korte videoklipp av simulerte klientsamtalar. Studenten skal vurdere eigne reaksjonar og tankar knytt til dette.
Vurderingsformer

4-timars skuleeksamen med kombinasjon av fleirvalsoppgåver og essaybaserte oppgåver.

Studenter skal svare på norsk.

Karakterskala
A-F, der F er ikkje greidd
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

  • Avbrot under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 1. august melde seg opp sjølv i studentweb

Litteraturliste
Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juli
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Det psykologiske fakultet.
Emneansvarlig
Institutt for klinisk og biologisk psykologi
Administrativt ansvarlig
Institutt for klinisk og biologisk psykologi