Kognitiv psykologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- PRPSYK305
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Det sentrale målet for kurset er å få studentane til å verdsette og forstå korleis kognitiv psykologi kan hjelpe oss til å forklare eigen og andre sin åtferd og erfaring, både i våre private og profesjonelle liv.
Første del av kurset fokuserer på grunnleggande kognitive mekanismar. Sentrale spørsmål vil vere korleis visuell kognisjon løyser problemet med å oppfatte den ytre verda, korleis og kvifor vi kan konstruere mentale førestillingar, kva merksemd er, og korleis den kontrollerer liva våre, korleis og kvifor vi hugsar og gløymer, og i kva grad kognitiv psykologi og nevrovitskap kan gi oss ei vitskapleg forklaring på bevisstheit. Vi diskuterer forholdet mellom normal funksjon, svekka funksjon og uvanleg evnerik funksjon.
Andre del av kurset fokuserer på komplekse mentale prosessar som resonnering, avgjerdstaking, problemløysing og kreativitet, og korleis ulike emosjonelle tilstandar påverkar desse kognitive prosessane - hos folk flest, men også ekspertar, som for eksempel kliniske psykologar, politi, og anna helsepersonell. Vidare vil det kunne bli gitt eksempel på korleis ekspertar vurderer og handterer risiko, samt korleis ein samlar informasjon om ulike faktorar (risiko- og beskyttelses faktorar) som blir lagt til grunn i vurderingar og avgjerder.
I dette kurset blir det lagt særleg vekt på å utvikle studentane sine skriveferdigheiter og øving i å argumentere konsist og presist. Tilbakemelding på skriveferdigheiter er ein viktig del av nokre av oppgåvene i kurset.
For å få innsikt i korleis forsking innan området kognitiv psykologi blir utført, analysert, presentert i tidsskriftartiklar og brukt i praktiske samanhengar, vil studentane delta i ei empirisk fordjupingsoppgåve der dei studerer minst ein empirisk artikkel i detalj, og deretter samlar inn relaterte data (til dømes ein replikasjonsstudie) via førehandsprogrammerte nettbaserte eksperiment. Som ein del av læringsprosessen vil studentane ta rolla som anonyme deltakarar i kvarandre sine studiar. Studentane vil få ei analyse av anonymiserte data for studien sin, og vil deretter munnleg presentere og diskutere funna sine med andre studentar under ein konferansedag på slutten av emnet. Som eit alternativ til denne oppgåva kan lærarar av og til tilby særleg motiverte studentar moglegheita til å arbeide som forskingsassistent i eit pågåande empirisk prosjekt innan feltet kognitiv psykologi; forskingsassistentane vil då presentere prosjektet og funna sine på same konferansedag.
Når lærarressursar er tilgjengelege, finst det eit tredje alternativ for den empiriske oppgåva: Eit avgrensa tal studentar kan melde seg frivillig til å delta i eit introduksjonskurs i mindfulness-meditasjon, som inkluderer fleire undervisningsøkter i klasserommet samt heimeøvingar. Studentane vil bruke denne erfaringa med første-persons metodikk innan merksemdstrening til å belyse eit valt forskingsspørsmål, basert på minst ein empirisk artikkel om mindfulness-trening. Funna vert presenterte munnleg på semesterets avsluttande konferanse. Dette alternativet er spesielt retta mot studentar som ønskjer å etablere ein personleg mindfulness-praksis som grunnlag for seinare å kunne integrere mindfulness i sitt kliniske arbeid.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Ved fullført emne har studenten avansert teoretisk, empirisk og anvend kunnskap om:
- Grunnleggande kognitive funksjonar beskrivne innanfor eit informasjonsbearbeidingsperspektiv (sjå vidare under Ferdigheiter).
- Ulike kvantitative forskingsmetodar som blir brukt innanfor kognitiv psykologi.
Ferdigheiter:
Ved fullført emne kan studenten:
- analysere og stille seg kritisk til sentrale eksperimentelle funn og grunnleggande prosessar frå kjerneområde innan kognisjon, som for eksempel: Persepsjon, merksemd, hukommelse, bevisstheit, resonnering, og i kva grad menneskets tenking kan seiast å vere rasjonell, bedømming og avgjerdstaking, inklusive fordelar og ulemper ved bruk av kognitive snarvegar (heuristisk prosessering), problemløysing, kreativitet, risikovurdering og risikohandtering, og korleis ulike emosjonelle tilstandar påverkar kognitive prosessar
- anvende kunnskap om kognitiv fungering for å forstå kognitiv svikt i visse kliniske populasjonar samt anvende kunnskap om kognitiv psykologi i høve til kliniske vurderingar og avgjerdsprosessar
- analysere og stille seg kritisk til samtidas teoriar og empiri innanfor kognitiv psykologi, og plassere desse i ein historisk kontekst, i tillegg til å kunne bruke kognitiv psykologi til å strukturere og formulere faglege resonnement
Generell kompetanse:
Etter fullført emne kan studenten:
- reflektere over betydninga av empirisk støtte for teoretiske påstandar innanfor ulike kognitive område
- gjennom å reflektere over korleis det kognitive perspektivet bidrar til forståing av menneskets åtferd og erfaringar, kan kandidaten bidra til fagleg nytenking
- reflektere over korleis kognitiv psykologi kan gi auka forståing for korleis både folk flest og ekspertar vurderer, tek avgjerder og handlar
- anvende relevant teoretisk og empirisk forskingslitteratur i praksis og bruke forskingskompetansen sin til personleg fagleg oppdatering
- forstå enkle analysar, kunne formidle relevant forsking og meistre psykologfaglege uttrykksformer innanfor kognitiv psykologi
- kommunisere og formidle kognitiv kunnskap, både til andre faggrupper og spesialistar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsmetodane legg vekt på blanda og aktiv læring. Mykje av undervisningsmateriellet vil vere webbasert, inkludert webbaserte forelesingar, lenker til anna materiell, guida lesing, og webbaserte aktivitetar. Nokre av desse vil vere obligatoriske. Undervisninga vil inkludere demonstrasjon av viktige eksperimentelle paradigme og kognitive testar. Klasseromsaktivitetane vil vektlegge praktiske workshops, diskusjonar og anna gruppearbeid.
Gjennom den empiriske fordjupingsoppgåva skal studentane studere forskingsartiklar gjennom rettleidd sjølvstudium. I grupper skal dei koordinere rekruttering av andre studentar til deira tildelte nettbaserte eksperiment og, gjennom kurset, delta i studiane til andre studentar. Studentar som i staden arbeider som forskingsassistentar, er venta å arbeide om lag 30-60 timar med oppgåver som prosjektplanlegging, datainnsamling og analyse. Studentar som deltek i alternativet med mindfulness-meditasjonstrening, vil delta på om lag 8-10 undervisningsøkter i løpet av semesteret, til faste tidspunkt. Dei vert forventa å forplikte seg til dagleg heimepraksis og vil studere utvalde forskingsartiklar i grupper.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Eit obligatorisk orienteringsmøte for heile emnet, og eit obligatorisk orienteringsmøte for den empiriske fordjupingsoppgåva.
- To individuelle essay (max. 1100 ord per essay) med utgangspunkt i undervisningstema, tilrådd litteratur, diskusjon av eksperimentdesign og fortolking (godkjennes av faglærer). Lærarane sine skriftlege tilbakemeldingar på essaya vil inkludere råd om korleis dei bør reviderast før dei blir levert inn i mappa som utgjer vurderingsforma i emnet. I dei tilfella kor eit essay ikkje godkjennast ved første innlevering og studenten får moglegheit til å levere inn ein revidert versjon, skal den reviderte versjonen følges av eit refleksjonsnotat på om lag 500 ord som beskriver studenten sine refleksjonar over lærarens tilbakemelding og korleis essayet har blitt forbedra.
- Korte fleirvalsprøver: Studentane må ta del i og bestå maksimalt 8 mindre fleirvalsprøver (5-15 spørsmål), basert på online forelesningar, for å få aktiviteten godkjend. Dei har fleire forsøk på å ta kvar prøve. Kvar fleirvalsprøve må gjennomførast innan ei viss tid.
- Ei lengre online fleirvalsprøve. Prøva vil teste kunnskapar frå store delar av kurset, blant annet spørsmål frå dei korte fleirvalsprøvene. Heile prøva vil anten finne stad i éi økt eller bli delt tematisk og gjennomført på to prøvedatoar.
- Deltaking i minst tre online-aktivitetar på MittUiB. Eksempel på dette kan vere: skriving av essay og tilbakemelding på andre sitt essay, deltaking i diskusjonsforum og refleksjonsnotat, eller utarbeiding av ein kort videosnutt som sumerar opp relevant teori og forsking i kognitiv psykologi. Meir detaljert informasjon vil bli gitt på orienteringsmøtet.
- Ta aktiv del i ein workshop der temaet er forsking om bevisstheit. I forkant av denne skal studentane fordjupe seg i oppgitt litteratur og førebu ein diskusjon som skal foregå i mindre grupper.
- Under rettleiing utvikle eit semistrukturert intervju basert på kognitiv teori og empiri, og intervjue ein person som i kraft av sin profesjon/stilling må gjere viktige og kritiske vurderingar, avgjerder, og kompleks problemløysing. Utviklinga av det semistrukturerte intervjuet, samt intervjuet, vil foregå i små grupper.
- Studentane skal i grupper samle inn data i eit nettbasert eksperiment som er førebudd av lærarane, og der medstudentar deltek anonymt innan ein sett frist. Kvar gruppe skal deretter studere ein automatisk generert dataanalyse av resultata sine og førebu ein munnleg presentasjon av resultata. Eksperimenta vil bruke klassiske, ikkje-invasive åtferdsmål som perseptuell nøyaktigheit og responstid, og/eller spørjeskjema som samlar inn data som ikkje er personleg sensitive. Datainnsamlinga vil følgje etiske retningslinjer som retten til å trekkje seg frå eksperiment under deltaking, og informert samtykke dersom datainnsamlinga kan bidra til føremål utover klasseromsøving - til dømes bidra til publiserbare datasett. Studentar som ikkje ønskjer å delta i sine medstudentars nettbaserte eksperiment, har moglegheit til å levere ein 2000-2500 ords essay om eit empirisk tema som er sett og vurdert av lærarane. Studentar som vel å arbeide som forskingsassistentar, skal bidra med 30-60 timar assistentarbeid, etter avtale med deira rettleiar. Studentar som vurderer å delta i alternativet med mindfulness-meditasjonstrening vert forventa å 1) delta på eit informasjonsmøte før dei vel dette alternativet, 2) forplikte seg til å delta på alle undervisningsøktene i klasserommet, der timeplanen vil vere tilgjengeleg før studentane vel alternativ for den empiriske oppgåva (merk at undervisninga truleg vil finne stad seinare på dagen enn vanleg undervisning), 3) gjennomføre dagleg heimepraksis med mindfulness-meditasjonsøvingar i løpet av semesteret, 4) lese og halde ein munnleg presentasjon av empirisk forsking på mindfulness, og 5) bidra som deltakarar i datainnsamlinga til andre studentars empiriske forskingsprosjekt.
- Deltaking på konferanse, der resultantane frå datainnsamling blir presentert og diskutert.
- Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent.
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Mappa skal bestå av dei to obligatoriske essaya, no revidert i samsvar med dei skriftlege tilbakemeldingane gitt av lærarane. Innleveringane skal inkludere ein kopi av den siste runden med lærarane sine skriftlege tilbakemeldingar som vart gitt under den obligatoriske innleveringa, og eventuelle refleksjonsnotat som tidlegare vart levert. Mappa vil bli vurdert til bestått/ikkje bestått. Dei to essaya tel like mykje og begge må bli bestått for å få bestått emnet.
Studenter kan svare på norsk eller engelsk.