Skule- og opplæringspsykologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- PRPSYK307
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Undervisninga skal gi innføring i det ideologiske, juridiske og empiriske grunnlaget for dagens inkluderande skule og barnehage og innføring i forsking om pedagogisk-psykologiske problemstllingar. Innføringa skjer gjennom ein kombinasjon av undervisning og praksis, der studentane skal førebuast til å arbeide som psykolog med indvid og systemretta utgreiing og tiltak i den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT).
Tema 1: Teori (7 sp)
Undervisninga skal gi studentane kunnskap om elevar/barn med særskilte behov i skulen og barnehage. Åtferdsvanskar, språkbaserte lærevanskar og utviklingshemning vil bli spesielt vektlagt, slik at studentane kan gjere greie for diagnostiske kjenneteikn ved utviklingsforløp, komorbiditet, og organisering av og innhald i opplæringstiltak. Studentane skal også lære om arbeidsmetodar i PP-tenesta: 1) Korleis PPT kan hjelpe skulen og barnehage i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa betre til rette for barn/elevar med særskilte behov, 2) Korleis PPT skal sørge for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det, og 3) Systemretta forebyggande arbeid i skulen.
Tema 2: Rettleia praksis (8 sp)
I praksis ved eit PPT-kontor skal studentane få ytterlegare innføring i det praktiske arbeidet i PP-tenesta og i arbeidet med kartlegging av og tiltak ovanfor elevar med vanskar. Studentane skal også få praktisk innføring i systemretta og forebyggande arbeid, i tråd med opplæringslovas bestemmelsar for verksemda ved PPT-kontor.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- gjere greie for det ideologiske og juridiske grunnlaget for tilpassa opplæring og ein inkluderande skule
- gjere greie for dei vanlegaste læringsutfordringane i barnehage og skule
- gjere greie for korleis skulen kan forebygge vanskar blant elevane, skape eit godt opplæringsmiljø, og legge forholda til rette for elevar med særskilte behov
- gjere greie for oppgåvene til den pedagogisk-psykologiske tenesta og sentrale tema som PP-rådgivaren arbeider med
- gjere greie for system- og forebyggende tiltak i skule og barnehage.
- gjere greie for dei mest sentrale psykologiske aspekta ved funksjonshemming, funksjonsnedsettingar og syndrom
- gjere greie for psykologiske aspekt knytt til tverrfagleg rehabilitering i ein skule- og opplæringskontekst.
Ferdigheiter
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- gjennomføre kartlegging og utgreiing som grunnlag for val av tiltak ovanfor elevar med vanskar
- gjennomføre og tolke evnetestar med barn og unge
- anvende kunnskapane og ferdigheitene sine til dokumentasjon og kommunikasjon
- skrive rapport om kartleggingsarbeidet.
- selvstendig, og utan hjelpemidlar gjere greie for sentrale problemstillingar, kunnskapar og metodar innan emnet skole- og opplæringsspsykologi.
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- reflektere om det å ha utvikla forståing og respekt for variasjon i åtferd og evner innan elevgrupper
- reflektere om det å ha forståing og respekt for ulike profesjonars arbeid med skuleelevar
- identifisere og reflektere over etiske problemstillingar i arbeid med elevar og skulen som system og organisasjon
- gjere greie for forskjellen mellom si eiga rolle som privatperson og som fagperson/psykologistudent i møte med elevar og ulike profesjonsgrupper
- kommunisere og formidle kunnskap både til andre faggrupper, spesialistar og allmenta.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det vil være teori- og praksisforberedende undervisning. I undervisningen vil det være vekslinger mellom teori og ferdighetstrening og stor grad av aktivitet og samspill mellom undervisere og studenter.
Veiledet praksis skal gå over 20 dager, totalt 140 timer. Praksisen gis, i den grad det er mulig, ved PPT-kontor i Bergen og nabokommunene. Hver student skal ha 20 timer veiledning, individuelt eller sammen med medstudent(er), gitt av pedagogisk-psykologisk veileder ved kontoret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Minimum 80% deltaking i all undervisning på emnet (undervisning, seminar og kasusgrupper).
- Praksisperiode
- Muntlig presentasjon av systemoppgåve på praksisseminar
- Individuell skriftlig oppgåve
Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurderinga Godkjent / Ikkje godkjent.
Vurderingsformer
Individuell munnleg eksamen.
Obligatoriske arbeidskrav må vere bestått før ein kan gå opp til eksamen.