Psykologisk behandling ved komplekse psykiske tilstandsbilete

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål

Emnet skal gi teoretisk og praktisk innføring i behandling av komplekse psykiske tilstandsbilete, om indikasjonar for ulike behandlingstilnærmingar, og om tidsperspektiv for endring og vekst.

Innhald

Emnet skal gi kunnskap om psykologisk behandling ved personlegdomsforstyrringar, psykotiske tilstandar, rusmiddel- og annan avhengnadsproblematikk, samt alvorleg/kronisk somatisk sjukdom. Forhold av betydning for arbeidet med klientar i ulike aldersgrupper (barn/unge, vaksne og eldre) skal vektleggast.Emnet bygger primært på PRPSYK311A, PRPSYK311B, PRPSYK312A, PRPSYK312B, PRPSYK312C og PRPSYK314.

Tema 1 Behandling av personlegdomsforstyrringar: Kurset gir ei innføring i terapimodellar og behandlingstilnærmingar retta mot ulike personlegdomsforstyrringar med særleg vekt på to sentrale modellar. Det vil vere fokus på å vise korleis ein gjennom terapi kan arbeide med problematiske mønster i tenking, affektuttrykk og interpersonleg fungering som kjenneteiknar og påverkar viktige funksjonsområde hos personar med personlegdomsforstyrringar.

Tema 2 Behandling av psykosar: Kurset gir ei innføring i psykologisk behandling ved psykosar. Det vil bli lagt vekt på ein gjennomgang av sentrale og dokumentert verksame arbeidsformer i behandling av personar med psykoselidingar. Kurset gir høve til praktisk utprøving av sentrale ferdigheiter i terapeutisk arbeid med psykotiske personar.

Tema 3 Behandling av rusmiddel- og annan avhengnadsproblematikk: I kurset blir det lagt vekt på ei teoretisk innføring i metodar som kan avklare ambivalens og fremme motivasjon for psykologisk behandling hos rusmiddelmisbrukarar. Kurset inneheld øvingar knytt til sentrale aspekt ved endringsarbeid på tvers av typar og omfang av avhengnadsproblem: arbeid med ambivalens, endringssnakk(sjølvmotiverande ytringar) og beslutning i ei klientsentrert tilnærming. Kurset vil gjennomgå ei tilnærming til behandling av avhengnadsåtferd (Kognitiv AtferdsTerapi; KAT) som er sentral i mange modellar for behandling av avhengnadsåtferd både ved kjemisk og ikkke-kjemisk avhengnad.

Tema 4 Klinisk helsepsykologi: Undervisninga gir ei innføring i kliniske helsepsykologiske tilnærmingar og til bruken av psykologisk kompetanse overfor pasientar med somatisk sjukdom, gjennom direkte klinisk arbeid, undervisning, kompetansespreiing eller haldningsskapande arbeid. Kurset omfattar òg psykologars rolle i palliativt arbeid, inkludert ivaretaking av eksistensielle og psykologiske behov hos alvorleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande.I kurset inngår det øvingar i nokre sentrale ferdigheiter innanfor klinisk helsepsykologi.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Ved fullført emne kan studenten ...

  • vise inngåande kunnskap om alvorlege psykiske lidingar, inkludert samsjukelegdom, rus og avhengnad
  • gjengi og reflektere over sentrale psykologiske behandlingsprinsipp for komplekse psykiske tilstandsbilete
  • forklare og drøfte dei sentrale elementa i ein behandlingsplan for personlegdomsforstyrring
  • forklare og drøfte sentrale behandlingsprinsipp for personlegdomsforstyrringar innan ulike terapimodellar
  • forklare og begrunne sentrale element ved førstegangsbehandling, vedlikehaldsbehandling og behandling av tilbakefall ved psykoselidingar
  • forklare og drøfte sentrale prinsipp i behandling av ulike former for avhengnadsåtferd
  • gjere greie for og reflektere rundt psykologiske og sosiale aspekt og sentrale oppgåver i klinisk helsepsykologisk arbeid ved somatisk sjukdom
  • gjere greie for og reflektere over brei kunnskap om modellar for samarbeid og samhandling i helse- og omsorgstenesta
  • gjere greie for psykologiske aspekt knytt til tverrfagleg rehabilitering

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan studenten ...

  • gjengi og anvende sentrale dokumenterte verksame intervensjonar ved komplekse psykiske tilstandsbilete
  • kjenne til og anvende sentrale dokumenterte verksame intervensjonar og metodar i behandling av personlegdomsforstyrringar
  • sjølvstendig gjennomføre samtalar med barn som pårørande, ved bruk av eksisterande rutinar for oppfølging av barn som pårørande
  • identifisere og prioritere intervensjonsfokus og grunngi behov for innlegging ved mistanke om psykoseliding
  • bruke sentrale intervensjonar til å avklare ambivalens og fremme motivasjon for psykologisk behandling for avhengnadsåtferd
  • anvende basisferdigheiter ved motiverande intervju i arbeid med meistring av psykiske vanskar relatert til somatisk sjukdom
  • anvende psykologisk kompetanse i palliativt arbeid, medrekna støtte til pasientar og pårørande i møte med alvorleg sjukdom, liding og død

Generell kompetanse

Ved fullført emne kan studenten ...

  • anvende kunnskapane og ferdigheitene sine på ein sjølvstendig måte til å planlegge, gjennomføre og evaluere ulike evidensbaserte terapeutiske intervensjonar overfor alvorlege psykiske lidingar
  • reflektere over etiske aspekt ved arbeid med personar med komplekse psykiske tilstandsbilete
  • reflektere over etiske implikasjonar ved arbeid etter dei respektive intervensjonane og metodane i behandling av komplekse psykiske tilstandsbilete
  • utvise bevisstheit og refleksjon om ressursar og om særskilte tilretteleggingsbehov hos menneske med komplekse psykiske tilstandsbilete
  • kritisk reflektere over etiske dilemma knytt til val og prioritering av psykologiske intervensjonar
  • vise medvit og refleksjon om betydninga av brukarmedverknad og om dilemma knytt til bruk av tvang i helsevesenet

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

7

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust / Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere bestått.
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar, øvingar og sjølvstudium. Totalt 31,5 timar per veke.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
6-timars skuleeksamen i tema 1-4
Karakterskala
Greidd/ikkje greidd
Vurderingssemester
Haust / Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel tillatne (med unntak av ordbok. Ordboka må være ikkje-leksikals og førehandgodkjent av fakultetet)
Programansvarlig
Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
Emneansvarlig
Institutt for klinisk og biologisk psykologi
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet