Kvantitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kurset gir ei innføring i grunnleggande metodar for beskriving, behandling og oppsummering av kvantitativt datamateriale. Det blir gitt opplæring i vanlege former for organisering av kvantitative data, ulike former for beskriving og oppsummering av slike data, samt sentrale prinsipp for å gjere statistiske slutningar.

Gjennom praktiske øvingar vil studentane få trening i bearbeiding og oppsummering av kvantitativ informasjon. Vidare vil kurset gi ei innføring i korleis ein evaluerer og anvender kunnskap frå kvantitativ forsking i psykologiske kontekstar.

Læringsutbytte

Ved fullføring av emnet skal studenten ha dei følgjande læringsutbyta definerte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan ...

  • gjere greie for ulike kvantitative forskingsmetodar innanfor psykologi
  • gjere greie for prinsipp for statistiske slutningar i kvantitativ forsking
  • gjere greie for kvalitetskriterium i kvantitativ forsking, inkludert prinsipp for openheit i vitskapleg arbeid
  • kritisk analysere relevant kvantitativ forsking og meistre relevant metodologisk terminologi
  • beskrive og differensiere hovudtilnærmingar til kvantitativ dataanalyse
  • identifisere situasjonar der det er relevant å bruke ulike former for kvantitativ dataanalyse
  • kjenne til prinsipp for organisering av kvantitativt datamateriale
  • kjenne til grunnleggande statistiske omgrep som sentraltendens, spreiing og samanheng

Ferdigheiter

Studenten kan ...

  • utforme forskingsspørsmål som er eigna for kvantitativ forsking
  • vurdere kvalitet på kvantitative undersøkingar
  • tilrettelegge og organisere kvantitative data ved hjelp av standard programvare
  • framstille enkel univariat og bivariat statistikk ved hjelp av standard programvare
  • tolke resultat frå statistiske analysar av bivariate samanhengar og forskjellar mellom grupper
  • kommunisere resultat frå statistiske analysar i samsvar med vitskaplege standardar

Generell kompetanse

Studenten kan ...

  • stille seg kritisk og reflektert til mogelegheiter og begrensningar ved kvantitativ forsking

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

5 sp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Grunnleggjande forståing av forskingsdesign og metodar i psykologi.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar og gruppeøvingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking i øvingar (godkjenning av lærar
  • Fullførte oppgåver knytte til førelesingstema (godkjenning av lærar)

Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen.
Studenter kan svare på norsk eller engelsk.

Karakterskala
A - F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juli.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
På eksamen er det tillatt med alle skriftlige hjelpemidler (så lenge disse ikke er digitale). Det er også tillatt med enkel kalkulator.
Programansvarlig
Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet