Barn som pårørande når foreldre eller sysken er alvorleg sjuke eller døyr

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet har som mål at studentane skal tileigne seg inngåande kunnskap om, forståing av og handlingsberedskap knytt til mindreårige (<18 år) barn som pårørande og etterlatne til alvorleg sjuke foreldre eller sysken - anten det gjeld alvorleg somatisk eller psykisk sjukdom, rus, skade, ulukker eller plutselege dødsfall.

Emnet skal formidle diagnoseuavhengig og avansert kunnskap om konsekvensar for barn som pårørande på kort og lang sikt, betydninga av systemarbeid, kommunikasjon og samhandling innan helse- og sosiale tjenester og skule/barnehage, samt tiltak og intervensjonar for å støtte familifunksjonen og fremme meistring og positiv utvikling.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande definerte kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • avansert innsikt og forståing av lovverket knytt til barns rettar som pårørande og etterlatne
  • avansert innsikt i barn som pårørande ut frå eit familie-, kontekst- og nettverksperspektiv
  • inngåande kunnskap om barns perspektiv, utfordringar og behov i møte med alvorleg sjukdom, kriser og død
  • avansert kunnskap om mogelege kortsiktige og langsiktige konsekvensar for barn si utvikling og livsmeistring
  • avansert innsikt i betydinga av systemarbeid på ulike nivå
  • inngåande forståing av betydinga av samarbeid og samhandling mellom ulike nivå i helse- og sosialtenesta
  • inngåande kunnskap om betydinga av oppfølging og støtte frå skule og barnehage til barn som pårørande
  • beskrive universelle tiltak, ulike tilnærmingar og intervensjonar for å ivareta og førebyggje seinskadar
  • inngåande kunnskap om barn sine sorgreaksjonar og viktige prinsipp i oppfølging av barn i sorg

Ferdigheiter:

  • avansert forståing og tilnærming til barn som pårørande ut frå eit familie-, nettverk- og kontekstperspektiv
  • inngåande ferdigheiter i informasjon og kommunikasjon med barn som pårørande tilpassa alder
  • vurdere ressursar i og rundt barnet, og identifisere behov for kortsiktig og langsiktig oppfølging
  • hjelpe og støtte barna gjennom rettleiing av foreldre/føresette
  • planleggje og gjennomføre hensiktsmessige tiltak for å støtte familien og fremje meistring hos barna
  • forstå korleis barn sine sorgreaksjonar kan påverke funksjonsnivå og iverksetje tilpassa oppfølging
  • undervise og rettleie pasientar, pårørande, helsepersonell og pedagogisk personell om ulike tema innan emnet

Generell kompetanse:

  • anerkjenner barn som pårørande som ein naturleg del av helsetenesta og møtet med familien
  • erkjenner dei relasjonelle utfordringane knytt til familiefungering og ivaretaking av barn sine behov i kriser
  • erkjenner utfordringar og behov foreldre og barn har i møte med helsevesen og skule
  • er medviten om at familiens sosiale nettverk kan ha uutnytta ressursar og iverksetje tiltak for å optimalisere støtte
  • arbeider aktivt for å implementere kunnskap, tiltak og samhandling om barn som pårørande/etterlatne i og mellom ulike tenester
  • bidreg til fagutvikling på området og utviklar intervensjonar som fremjar meistring hos barn og vaksne

Fulltid/deltid

Deltid

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår eller haust. Undervisninga går over eitt semester.
Krav til forkunnskaper
Personar med minimum bachelorutdanning, til dømes innan medisin, helse- og sosialfag, skule og barnehage, PPT-tenesta, kyrkje med meir.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for inntil 25 studentar med studierett på masternivå (EVU).
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går over eitt semester og er lagt til fire samlingar à to dagar, med nettbasert arbeid mellom samlingane. Samlingane utgjer til saman om lag 48 timar og vekslar mellom bruk av førelesingar, gruppearbeid og praktiske øvingar/demonstrasjonar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen:

  • 80 % obligatorisk deltaking på samlingane
  • Mellom samlingane er det obligatoriske arbeidsoppgåver som må vere bestått før eksamen kan gjennomførast.
Vurderingsformer
Heimeeksamen over 10 dagar med innlevering av oppgåve på 3 000 ord (+/- 10 %).
Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Haust eller vår, vurdering i same semester som undervisninga blir gitt.
Litteraturliste
Litteratur på ca. 800 sider. Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.
Programansvarlig
Senter for krisepsykologi
Emneansvarlig
Senter for krisepsykologi
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet