Gruppeleiing og tilbakemelding i seminar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 2.5
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- PSYKSEM
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet skal førebu og støtte studentar som skal leie seminar eller kollokviegrupper for andre studentar. Studenten må vere tilsett som gruppeleiar ved Det psykologiske fakultetet når dei skal ta emnet.
Emnet har to formål:1. Gje gruppeleiarar ved Det psykologiske fakultet ein felles arena der dei kan tileigne seg kunnskap. Her får dei øve på, og drøfte og reflektere over, korleis ein tilrettelegg for læring i gruppediskusjonar og gjennom tilbakemelding på mindre skriftlege arbeider.
2. Gruppeleiarane får oppfølging av fagleg tilsette. Det blir lagt opp til diskusjonar og samtaler om aktuelle problemstillingar og utfordringar ved gruppeleiing.
Modul 1 (6 timer):Gruppeleiing: Vi ser på korleis ein kan leie studentgrupper og tilrettelegge for læring i diskusjonsbaserte økter. Gruppeleiarane blir førebudd på faglige og pedagogiske utfordringar som venter dei i det foreståande arbeidet.
Modul 2 (6 timer):Rettleiing og tilbakemelding på skriftlege arbeider.
Her tek vi opp sentrale aspekt ved tilbakemelding på faglege tekstar. Dette er ein praktisk retta modul med døme på tekstar og gjennomgang av ulike tilbakemeldingar. Modulen er retta mot gruppeleiarar som har ansvar for rettleiing og tilbakemelding på tekstoppgåver. Men prinsippa kan ein og anvenda til munnleg og uformell tilbakemelding i ein diskusjonsbasert læringssituasjon.
Etter dei to fyrste innføringsdagane vert det refleksjonsseminarer. Her får gruppa møte ein fagleg tilsett, der studentane får oppfølging og støtte undervegs i rolla som gruppeleiarar. På refleksjonsseminara vil studentane ha muligheit til å drøfte aktuelle problemstillinger basert på eigne røynsler som gruppeleiar.
For å bestå emnet, må studenten delta på dei obligatoriske innføringsseminara, samt på minst 3 av 5 refleksjonsseminar. Dette skal gjennomførast parallelt med gruppeleiingsoppdrag som seminarleiar eller kollokvieleiar. Som verktøy for refleksjon, som skal danne grunnlag for diskusjonene i refleksjonsseminarene, skal studenten skrive tre korte notat (i starten på semesteret, midt i semesteret på oppdrag som gruppeleiar, og mot slutten av oppdraget/semesteret).
Læringsutbytte
Sidan dette er eit praktisk retta emne, er høgste nivå av utbyttet lagt inn under ferdigheiter. Læringsutbytte i emnet vert anvendt.
Når emnet er bestått skal studenten kunne:
FERDIGHEITER
- Planlegge, designe, og gjennomføre gruppeundervisning av studentar
- Anvende ulike og passande undervisnings- og læringsstrategier for å støtte læringa til studentane
- Designe og implementere læringsaktivitetar som fremmar tilhøyrsle
- Ta i bruk grunnleggjande kommunikasjonsteknikkar for å kunne lede smågrupper
- Gje informative og formative tilbakemeldingar på mindre skriftlege arbeid
GENERELL KOMPETANSE
- Tilretteleggje for vaksenopplæring i diskusjonsbasert økt
- Gje meiningsfull og utviklande tilbakemelding på skriftleg arbeid
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
To heildagsseminar med innføring i gruppe- og prosessleiing og tilbakemelding.
Fem 1-timars seminarer gjennom semesteret for oppfølging, refleksjon og vidare opplæring.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk undervisning med krav om 80% deltaking på dei to heildagsseminara, og deltaking på 3 av 5 seminarer for å få kurset godkjent.
Studentane må levere 3 av 5 moglege refleksjonsnotat (tilsvarer veiledningsmøter) omlag 1 side kvar som blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Refleksjonsnotat skal leverast dagen før refleksjonsseminar.