Religionsvitenskap: Frie studiepoeng (munnleg)
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- RELV303MUNT
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk, etter avtale
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål og innhald:
Gjennom emnet RELV303MUNT skal studenten skaffa seg eit godt grunnlag for arbeidet med masteroppgåve og/eller styrka sine faglege kvalifikasjonar generelt.
RELV303SEM/RELV303MUNT kan tas av masterstudentar på to måter:
Anten: Du kan følge undervisninga til eit tematisk skallemne på 200-nivå med eigea litteraturliste og vurdering for RELV303. Merk at du ikke kan velje eit skallemne som du tidlegare har tatt på 200-nivå.
Eller: Du kan ta ein RELV303-variant som individuelt kurs, dvs. at du veljer tema og litteraturliste i samråd med og godkjent av rettleiar, i tråd med emnebeskrivelsen for det aktuelle RELV303-emnet. RELV303FELT kan bare velges som individuelt kurs i samråd med rettleiar. Det same gjeld for 5 studiepoengsvarianten av RELV303MUNT, RELV363, 5 stp.
Kvar student skal, i samråd med rettleiaren, utarbeide ein individuell plan for dette emnet. Det skal sendast ein søknad om godkjenning av denne planen til instituttet (studierettleiar@ahkr.uib.no). Søknaden vert behandla av faggruppa. Det skal brukast eit skjema utarbeidet av faggruppa.
RELV303FELT/MUNT/SEM er eit valemne i masterstudiet i religionsvitskap.
Til vanleg kan berre eitt av RELV303-emna inngå i mastergraden.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om et tema med særleg relevans til masteroppgåva.
Ferdigheiter:
Studenten
- har evne til å analysere fagstoff og trekke eigne slutningar.
- har evne til å kunne strukturere faglege resonnement.
- har evne til å sette seg inn i komplekse faglige tema i løpet av kort tid.
Generell kompetanse:
Studenten
- har evne til sjølvstendig kompetanseutvikling.
- har evne til å kunne kommunisere munnlig om komplekse faglige problemstillingar.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Ein kan ikkje ta RELV303MUNT i same tema og med same litteraturliste som eit skallemne, hvis ein har tatt same skallemne på 200-nivå, då vert studiepoenguttellinga redusert med 15 studiepoeng.
Emnet kan ikkje kombineres med 5- studiepoengsvarianten av emnet, RELV363.
Studiepoenguttellinga vert redusert med 5 studiepoeng om emnet vert kombinert med RELV363.
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Munnleg eksamen på 30-40 minutt, der kandidaten presenterer ei problemstiling med utgangspunkt i sjølvald tema og litteratur (10 min.). Presentasjonen vert etterfølgd av ein fagleg samtale om presentasjonen og temaet for presentasjonen, samt andre delar av pensumlitteraturen (20 min.).
Eksamenssvaret kan bli gitt på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum på om lag 1200-1500 sider. Pensum skal veljast i samråd med rettleiaren.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.