Saman med familien - tverrfagleg samarbeid i praksis

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet er et vidareutdanningstilbod for deg som arbeider med barn, unge og foreldre i utsette livssituasjonar. Målet er å tilby praksisrelevant kunnskap om korleis tverrfagleg samarbeid kan styrkes både på individ- og systemnivå. Vi tar utgangspunkt i problemstillingar du sjølv har møtt i arbeidskvardagen eller på andre arena. Gjennom refleksjon rundt eigne og andre sine eksemplar og praktiske øvingar i kommunikasjon byggast kompetanse og ferdigheitar. Emnet er eit nytt tilbod og innhaldet vil bli utvikla vidare i samråd med deltakarar.

Emnet passar blant anna for personar tilsette i barnevern, helsetenester, sosiale tenester, kriminalomsorga, politi, kriseteam, skuleverket, barnehagar, PPT, tilsette i frivillige organisasjonar, kyrkjer/livssynsorganisasjonar og fosterforeldre. Og for personar med ansvar for koordinerande tenester som til dømes barnekoordinatorar og folkehelsekoordinator.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten har

  • kunnskap om korleis tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid kan bidra til god hjelp for barn og familiar i utsette livssituasjonar
  • kunnskap om teoretiske, juridiske og etiske sider ved tverrfagleg samarbeid, og kan anvende dette i eigen arbeidshverdag

Ferdigheiter

Studenten kan

  • identifisere og analysere behov for tverrfagleg samarbeid for utsette barn og deira familiar
  • reflektere over eiga rolle i tverrfagleg samarbeid
  • planleggje, gjennomføre og evaluere tverrfaglege møter i samarbeid med brukarar og samarbeidspartnarar
  • evaluere og reflektere over eigen læringsprosess saman med andre

Generell kompetanse

Studenten kan

  • kritisk reflektere over eiga kompetanse i tverrfagleg samarbeid som grunnlag for vidare læring

Studiepoeng, omfang

5 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

UIB
Krav til forkunnskaper

For å kunne søkje opptak må du oppfylle desse krava:

Fullført universitets- eller høgskuleutdanning på bachelornivå eller tilsvarande,samt to års relevant arbeidserfaring. Relevant arbeidserfaring omfattar alt arbeid med barn, unge og deira foreldre, samt arbeid med tverrprofesjonelt samarbeid på systemnivå (eksempelvis folkehelsekoordinator).

Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går over eitt semester og er lagt til to halvdag digitale samlingar og ein fysisk samling på to dagar. Samlinga vekslar mellom forelesningar, gruppearbeid og praktiske øvingar. I tillegg er det lagt opp til sjølvstudie og refleksjonsoppgåver gjennom læringsplattformen til UiB.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • 80% obligatorisk deltaking på samlingar (fysisk og digitalt)
  • skriftleg oppgåve
Vurderingsformer
Munnleg vurdering
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Institutt for helse, miljø og likeverd, Det psykologiske fakultet.
Emneansvarlig
Institutt for helse, miljø og likeverd
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet v/ institutt for helse, miljø og likeverd