Saman med familien - Mangfald og likeverd i brukarsentrert tverrfagleg samarbeid

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet er eit vidareutdanningstilbod for deg som koordinerer hjelp i samarbeid med barn, unge og foreldre i utsette livssituasjonar. Målet er å tilby praksisrelevant kunnskap om korleis brukarsentrert tverrfagleg samarbeid kan styrkjast. Vi vil ha særleg fokus på kunnskap om migrasjon og språklege barrierar, men tek òg inn andre mangfaldsdimensjonar som funksjonsvariasjon og kjønnsuttrykk. Vi tek utgangspunkt i problemstillingar du sjølv erfarer i arbeidskvardagen din eller på andre arenaer. Gjennom refleksjon rundt eigne og andre sine erfaringar, og gjennom praktiske øvingar, blir det bygd ferdigheiter i brukarsentrert tverrfagleg samarbeid i eit mangfaldig samfunn.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • kan diskutere korleis ulike mangfaldsdimensjonar påverkar familiar si moglegheit for medverknad i tverrfagleg samarbeid.
  • kan skildre faglege og etiske sider ved brukarsentrert tverrfagleg samarbeid.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre og evaluere tverrfagleg koordinering i samarbeid med familiar i mangfaldige livssituasjonar.
  • kan leggje til rette for brukarmedverknad gjennom tolkemediering av tverrfaglege menneskemøte.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk reflektere rundt eiga mangfaldskompetanse i brukarsentrert tverrfagleg samarbeid.

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust eller vår

Undervisningssted

Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Dette emnet er eit vidareutdanningstilbod på masternivå. Studentar må derfor dokumentere at dei oppfyller begge opptakskrava:

Bachelorgrad, cand.mag.-grad eller tilsvarande grad eller grunnutdanning med eit omfang på minimum tre år / 180 studiepoeng.

Minimum to års relevant arbeidserfaring frå område som nemnde innleiingsvis.

For studentar som har særleg lang og relevant arbeidserfaring, utover minstekravet på to år, kan dette etter nærare vurdering erstatte inntil eitt år av utdanningskravet (60 studiepoeng). Då kan det vere tilstrekkeleg at studenten kan dokumentere 120 studiepoeng høgare utdanning.

Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går over eitt semester og kombinerar synkron og asynkron undervisning. I den synkrone undervisninga (som vil vere delvis fysisk) vil vi prioritere øvingar og ferdigheitstrening.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • 80% obligatorisk oppmøte på synkron undervisning.
  • Innlevering av to obligatoriske oppgaver
Vurderingsformer
Munnleg eksamen
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust og/eller vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. I tillegg til kjernelitteratur tilrådd av emneansvarlig skal studentane utarbeide sjølvlagde littetaturlister.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Institutt for helse, miljø og likeverd, Det psykologiske fakultet.
Emneansvarlig
Institutt for helse, miljø og likeverd
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet v/ institutt for helse, miljø og likeverd