Feltmetodikk: Politisk kartlegging i felt

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet skal gje studenten kunnskap om samfunnsvitskapleg metode generelt og feltmetodikk spesielt. Etter kurset skal studenten vere i stand til å utarbeide eit vitskapleg forskingsopplegg både med omsyn til prosjekteringsfasen og innsamling og analyse av data.

Kurset gir undervisning i kvalitativ og kvantitativ metode og ser på ulike datainnsamlingsteknikkar og ulike metodar for handsaming og analyse av data. Ein sjølvstendig komponent i kurset er prosjektskisseseminaret som gir undervisning i, og studentane trening i, å skrive ei prosjektskisse til eit vitskapleg arbeid. Denne skissa skal sjåast som ein del av forarbeidet til SAMPOL650 Masteroppgåve.

Undervisninga i kurset søkjer å dekke følgjande hovudtema:

Planlegging:

  • Politisk kartlegging: kva ser ein etter.
  • Strategiar for informasjonsinnsamling i ein annan kulturell kontekst
  • Fokus/problemstilling
  • Metodeval: Kva metodar er eigna for kva
  • Forholdet mellom informasjonsinnsamlingsmetodar og informasjonsbehandling

Metodar for informasjonsinnsamling:

  • Observasjon; deltakande/ikkje deltakande
  • Ustrukturert intervju
  • Strukturert intervju
  • Tekstanalyse/dokumentanalyse
  • Survey

Metodar for informasjonsbehandling og analyse:

  • Small vs. large N, fortolking/objektivitet/generalisering/trekkje slutningar
  • Hypotetisk deduktiv metode/induktiv metode
  • Statistikk
  • Evaluering av metodane

Utfordringar på feltarbeid

Forskingsstrategiar

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap om samfunnsvitskapleg metode generelt og bruk av feltmetodikk spesielt

Ferdigheiter 

Studenten

  • utviser god evne til å bruke kvalitative og kvantitative metodar, ulike teknikkar for innsamling og analyse av data

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke relevante metodar til å utarbeide ei god prosjektskisse til eit vitskapleg arbeid
  • kan utarbeide eit godt, sjølvstendig og gjennomførbart statsvitskapleg forskingsopplegg både med omsyn til planlegging, innsamling av data og analyse av data 

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, høgare grad

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Hybrid. Nettundervisning kombinert med auditoriumsundervisning.
Krav til forkunnskaper
Bachelorgrad eller tilsvarande, samt 2 års relevant yrkeserfaring (fulltid).
Studiepoengsreduksjon
Ingen studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Kurset er opent for studentar som fyller krava til forkunnskapar.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer

Eksamen er å skrive ei semesteroppgåve på inntil 4500 ord, i form av ei prosjektskisse til eit vitskapleg arbeid

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bestått/Ikkje bestått
Vurderingssemester

Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.isp@uib.no innen innleveringsfristen. Det gis maksimalt 3 dagers utsatt frist

Litteraturliste
Sjå digital pensumliste
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Terje Knutsen
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sammenliknende politikk har det administrative ansvaret for emnet.