Den materielle verda: Økologi og økonomi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- SANT107
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
I ei tid med klimakrise og hurtige økonomiske og teknologiske endringar, korleis kan antropologi hjelpe oss med å forstå utfordringane som den materielle verda står overfor? Folk si samhandling med deira romlege og materielle omgivnader er eit sentralt tema i sosialantropologi. Dette kurset gir eit komparativt innblikk i korleis romlege og materielle forhold formar, og er forma av sosiale og kulturelle kontekstar. Emnet forbinder dei materielle og ideelle aspekta ved menneskeleg liv i fleire tema, som: kropp; landskap; økologi og miljøkonflikt; infrastruktur, ekspertise og teknologi; og regime for produksjon, sirkulering og forbruk. Det blir lagt vekt på å formidle det sosiale og kulturelle mangfaldet som finst rundt om i verda, men også korleis dette er involvert i større samanhengar knytt til modernisering og globalisering, samt maktforhold og styring.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten...
- er kjent med det sosialantropologiske studiet av materialitet, miljø, og økonomi.
- har brei kunnskap om ulike kulturelle praksisar og forståingar på fleire livsområde knytt til miljø, økonomi og sosial organisering.
Ferdigheiter
Studenten...
- kan gjere greie for og reflektere over sentrale sosialantropologiske debatter om samanhengane mellom materielle vilkår, sosial organisering og kulturell meining
- kan gjere bruk av antropologisk kunnskap, omgrep og perspektiv på konkrete empiriske studiar og teoretiske problemstillingar som gjeld materielle dimensjonar i menneskeleg liv og verksemd.
Generell kompetanse
Studenten...
- kan anvende sosialantropologiske omgrep og perspektiv i forståinga av materialitet, miljø, og økonomi.
- har evne til kritisk tenking og kunne gjere bruk av analytiske omgrep og perspektiv for å forstå lokale og globale samfunnsprosessar
- kjenner til hovudtrekka i kvalitativ metode og kunne reflektere over desse
- kan lese og skrive akademiske tekster innanfor fagspesifikke sjangrar
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
SANT103 (10 sp)
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, arbeidsgrupper, tilbakemelding frå medstudentar, etnografisk film.
3-4 timer forelesing pr. veke
5-7 veker, ca. 20 timer forelesing
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av tekst basert på metodisk oppgåve. Oppgåva må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen. Godkjend oppgåve er gyldig i totalt 4 semester.
Vurderingsformer
Skuleeksamen 6 timar
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Emnet vert karaktersett med bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.
Programansvarlig
Undervisingsutvalet ved Institutt for sosialantropologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sosialantropologi har det administrative ansvaret for emnet.