Individuell prosjektutvikling
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- SANT302
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- har avansert kunnskap innanfor fagområdet og spesialisert innsikt i eit avgrensa område
- har inngåande kunnskap om fagområdets vitskapelege eller kunstfaglege teori og metodar
- kan anvende kunnskap på nye områder innanfor fagområdet
- kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter
- kan analysere og forhalde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
- kan analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor fagområdet og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
- kan bruke relevante metodar for forsking og fagleg og/eller kunstnarisk utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse
- kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
- kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på nye områder for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherskar fagområdets uttrykksformer
- kan kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor fagområdet, både med spesialistar og til allmenta
- kan bidra til nytenking og i innovasjonsprosessar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesningar og seminar leia av faglærar, med m.a. studentane sine munnlege og skriftlege presentasjonar, samt individuell rettleiing. Noko av undervisninga vil føregå på ein utflukt, med overnatting, i Jondal.
0-6 timer pr veke
6 veker
20-24 timer totalt
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på tredagars seminar i Jondal
- Deltaking på heildagsseminar med prosjektpresentasjon
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig inneverande og dei 3 påfølgjande semestera.
Vurderingsformer
Ei prosjektskildring på 3000 ord (+/- 10%) utforma med individuell rettleiing.
Prosjektskildringa skal godkjennast av ein fagkomite samansett av to personar inkludert rettleiar. Prosjektskissa skal leggjast fram for ein komité for fagleg samtale om prosjektet, etter at all obligatorisk aktivitet er gjennomført og godkjent.
Prosjektskildringa kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.