FNs Bærekraftsmål 14: Liv i havet

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

I 2015 vedtok FN 17 samankoplede mål for berekraftig utvikling (Sustainable Development Goals) som omhandlar dei globale utfordringane med fattigdom, ulikskap, klimaendring, miljøforringelse, velstand, fred og rettferdighet. Dette kurset fokuserer på berekraftsmål 14: Liv i havet. SDG 14 tar sikte på å "bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling", og har 10 spesifiserte delmål relatert til havforureining og bevaring, berekraftig fiskeri, marin teknologi, og global endring. Gjennom aktiv læring og arbeid i grupper skal studenten tileigne seg kunnskap og ferdigheiter knytta til vitenskap, politikk og samfunn som er nødvendig for å forstå og bidra til ei berekraftig utvikling av liv i havet. Kurset blir avslutta med eit symposium kor studentane skal presentera eit gruppeprosjekt som poster. Du kan ta ein titt på postera frå tidlegare kurs her.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • skal kunne identifisere fysiske og biologiske havsprosessar som bidreg til å gjere problema under SDG 14 globale.
  • skal kunne forklare bakgrunnen for og hovudtrekka til dei viktigaste internasjonale avtalane og konvensjonane som er relevante for SDG 14.
  • skal kunne beskrive rollene til viktige statlege og mellomstatlege arenaer for beslutningar som er relevante for SDG 14.

Ferdigheiter

Studenten

  • skal kunne analysere og sette i samanheng SDG 14-delmåla i lys av dei andre SDG-delmåla.
  • skal kunne identifisere interessentar (stakeholders) og analysera deira motiv.
  • skal kunne evaluere eksisterande forsking og føreslå forskingsbehov relatert til SDG 14.

Generell kompetanse

Studenten

  • skal kunne finne, navigere og knytte samanhenger mellom vitskapeleg litteratur og rapporter, konvensjonar og politiske dokument.
  • skal kunne samanstille og bruke vitskapeleg grunngjevne argument for relevante samfunnsdebatter.
  • skal kunne gi konstruktive fagfellevurderingar, basert på kritiske og løysningsorienterte synspunkt.
  • skal kunne identifisere og kunne skilja mellom vitskapeleg kunnskap, verdiar, tru og ideologiar.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår. Emnet blir ikkje undervist våren 2026. 

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veke 3.

Studentar som har emnet som obligatorisk emne i grada si har førsteprioritet på emnet. Dersom det er fleire søkjarar enn plassar vil vi fordele desse slik at studentar frå flest mogleg studieprogram er representert i emnet.

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesing/orienteringsmøte, og du risikerar derfor å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første førelesing/orienteringsmøte må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første førelesing/orienteringsmøte finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Det er ein fordel å ha vore student på universitetsnivå i minst eitt år.
Studiepoengsreduksjon
SDG200: 7 studiepoeng
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet består av ca. 30 doble timar med undervisning, i tillegg til deltaking på konferansen Day Zero og postersesjon.

Emnet er hovudsakleg basert på aktive læringsmetodar, der studentane spele ei nøkkelrolle i si eiga læring. Studentane vil jobbe i grupper, med individuelle oppgåve og gruppeoppgåve, inkludert:

  • gruppepresentasjonar
  • fagfellevurderingar av medstudentane sine oppgåver
  • førebu seg på og utføre ein debatt
  • lage ein plakat og presentere den på ein kurskonferanse i mai
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Sjølv om det ikkje er obligatorisk å møte på alle undervisningstimane, skjer mykje av aktiviteten der og læringseffekten vil bli avgrensa dersom ein vel å ikkje delta aktivt.
Vurderingsformer
Mappevurdering, inkludert klar-til-å-lære testar med individuelle quiz og gruppequiz. Klar-til-å-lære testane inngår i vurderingsgrunnlaget og kan berre gjennomførast i bestemte undervisningstimar.
Karakterskala
Bestått/Ikke bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil være klar 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Tidlegare evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarlig
Programstyret i biologi har det faglige ansvaret for emnet.
Administrativt ansvarlig
Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.