Beredskap for helsekriser: ei multidisiplinær tilnærming

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Å analysere helsekriser frå multi- og tverrdisiplinære perspektiv for å få ei betre forståing for kunnskapen som er brukt for å forstå og adressere ein eineståande trussel mot global helse i samfunnet. Vidare, til å reflektere rundt ulike tilnærmingar til kompleksitet og usikkerhet for betre beredskap for nye kriser.

BIP (Blended Intensive Programs) er korte, intensive program som bruker innovative måtar å læra og undervisa på, inkludert bruk av online samarbeid. Programma kan inkludera utfordringsbasert læring der transnasjonale og tverrfaglege team jobbar saman for å takla utfordringar, til dømes dei som er knytt til FNs berekraftsmål eller andre samfunnsutfordringar identifisert av regionar, byar eller selskap. Det intensive programmet bør ha meirverdi samanlikna med eksisterande kurs eller opplæring. Ved å mogleggjera nye og meir fleksible mobilitetsformat som kombinerer fysisk mobilitet (SDG928A) med ein virtuell del, har blended intensive programs som mål å nå alle typar studentar frå alle bakgrunnar, studiefelt og syklusar (valfag, master- og Phd-studentar).

Undervegs i BIP-kurs vil nokre av studentane eller undervisarar reise på eit kortvarig oppphald ved eitt av dei tilknytte campusane i Erasmus-samarbeidet, kombinert med ein obligatorisk virtuell komponent som legg til rette for virtuell samarbeidande læringsutveksling og teamarbeid. Den virtuelle komponenten samlar studentane online for å jobba kollektivt og samtidig på spesifikke oppgåver som er integrerte i BIP-programmet og tel mot dei samla læringsutbytta

Læringsutbytte

Etter fullført kurs kan studenten:

Kunnskap:

Studenten:

- forstår kompleksiteten og usikkerheten i utvikling av bevis rundt helsekriser slik som COVID-19 pandemien,  forstår behovet for ulike disiplinar (tverrfagleg), metodar, prosessar og interessentar i forskings- og utdanningsprosjekt relatert til helsekriser.

- annerkjenner og brukar systemtilnærmingar i forsking på helsekriser

- kan bidra til utviklinga av ny tverrfagleg kunnskap, nye teoriar, metodar, tolkingar og former for dokumentasjon på feltet.

- er klar over og forstår ulike perspektiv på å bygge robuste helsesystem

- forstår One Health-tilnærminga

Ferdigheiter:

Studenten:

- Kan formulere komplekse utfordringar og forsking ved å ta i bruk ulike perspektiv

-kan utfordre etablert kunnskap og praksis i feltet på ein konstruktiv måte

- kan håndtere usikkerheit i forsking

- kan arbeide og samarbeide i tverfaglege forskingsmiljø

- kan formidle informasjon om kompleksitet på ein forståeleg måte

Generell kompetanse:

Studenten:

- Kan identifisere relevante etiske problemstillingar og utarbeide forskingsarbeid med høg vitskapleg integritet

- Kan argumentere for komplekse tverrfaglege oppgåver og prosjekt innan nivå av kompleksitet

- kan oppdage behovet for, sette i gong og utøve tverrfaglege prosjekt for å forbetre kunnskapsberedskap

Studiepoeng, omfang

3 studiepoeng (ECTS)

Studienivå (studiesyklus)

Ph.d.-nivå

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskaper
Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Anbefalte forkunnskaper
Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Studiepoengsreduksjon
Full overlapp med SDG928A og ELMED328 (3 studiepoeng)
Krav til studierett
Ph.D.-kandidatar ved alle fakultet vil ha førsteprioritet. Studentar i masterløp ved alle fakultet ved UiB. Studentar med studierett ved andre partnarinstitusjonar/universitet er velkommen til å søke opptak til kurset.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

- 80% oppmøteplikt på digitale sesjonar og digitalt gruppearbeid

- godkjent gruppearbeid, inkludert presentasjon

- elektronisk kursevaluering

Vurderingsformer

80% oppmøte i digitalt kurs

Presentasjon i grupper (godkjent)

Presentasjon av individuelt arbeid (bestått)

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista blir publisert i Leganto/MittUiB
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programutval for forskarutdanning
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Institutt for global helse og samfunnsmedisin