Kjønn, seksualitet og sårbarheit i teori og metodologi med essay

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kurset inviterer deltakarane til å reflektere over ulike forståingar av omgrepet sårbarheit innan kjønns- og seksualitetsforsking, både teoretisk og metodologisk. Deltakarane blir oppmoda til å vurdere kva betydning omgrepet sårbarheit har i eigne forskingsprosjekt, korleis det heng saman med andre sentrale omgrep, og korleis det er relevant for deira forskingsområde i vidare forstand.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om korleis sårbarheit blir omgrepsfesta innan sitt eige forskingsfelt, det vil seie innan eit spesifikt område av kjønns- og seksualitetsforsking
  • har ei tverrfagleg oversikt over korleis ulike teoriar om sårbarheit relaterer seg til omgrep om kjønn og seksualitet
  • har ei tverrfagleg oversikt over korleis kjønn, seksualitet og sårbarheit heng saman innanfor ulike metodologiske perspektiv

Ferdigheter

Kandidaten

  • kan formulere forskingsspørsmål baserte på eitt eller fleire av temaa i kurset og halde ein presentasjon med utgangspunkt i tildelt materiale
  • kan identifisere hol og manglar i eksisterande forsking og utfordre etablert kunnskap med utgangspunkt i tverrfagleg kurslitteratur

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan forstå og formidle komplekse akademiske argument, samt ta imot og gi konstruktiv kritikk på munnlege presentasjonar
  • kan handtere teoretiske, metodologiske og tverrfaglege problemstillingar og oppgåver

Studiepoeng, omfang

5 sp

Studienivå (studiesyklus)

Ph.d.

Undervisningssemester

19.-20. november 2026

Søknadsfrist: 31. august

Frist for å stadfeste deltaking/påmelding: 15. oktober

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Det er ein fordel om kandidaten har grunnleggjande kunnskap om kjønn, seksualitet og sårbarheit som analytiske kategoriar.

Studiepoengsreduksjon

3 sp med SKOK906

Krav til studierett

Kursdeltakarana må vere registrerte ph.d.-kandidatar som jobbar med forsking innan kjønns- og seksualitetsteori og/eller -metodikk, og kandidatar frå norske kjønnsstudieprogramm vil bli prioriterte.

Arbeids- og undervisningsformer

3 hovudinnlegg

3 parallelle sesjoner for prosjektpresentasjonar og tilbakemeldingar frå instruktørar og meddeltakarar

Fullstendig essay/paper

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Full deltaking med presentasjon og fullstendig paper/essay.

Paperet skal være på 5000-7000 ord, avhengig av standardane innan fagområdet. Paperet må gjere bruk av delar av kurslitteraturen.

Vurderingsformer

Full kursdeltaking med presentasjon og fullstendig paper.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust 2026

Litteraturliste

Vil bli publisert på MittUiB

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med kvalitetssikringssystem for ph.d.-utdanninga ved Universitetet i Bergen.