Spansk 1a: Språklæring, spansk språk og kommunikasjon
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- SPANSK621
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet er lagt opp slik at studentane skal utvikle seg til fagleg trygge og reflekterte spansklærarar som kan bruke forskingsbasert kunnskap i eigen praksis. Emnet vil fokusera på korleis kompetansemåla for 2. framandspråk praktisk kan verta gjennomførte i undervisninga, og ein legg særskilt vekt på utvikling av munnleg og digital dugleik. Eit grunnleggjande spørsmål er korleis studenten kan utvikle og relatere framandspråkfagleg kunnskap til det å vere framandspråklærar. Spesielt viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen fleirspråklege kompetanse, innsikt i undervisningsspråket og innsikt i eigne læringsprosessar kan bidrag i arbeidet med å leggje til rette for språklæringa til elevane.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om spansk språk med vekt på skilnader mellom spansk og norsk
- har innsikt i sentrale styringsdokumenta for fremmedspråkfaget
- har innsikt i spansk som danningsfag (med særleg vekt på interkulturell kompetanse)
- har innsikt i fagdidaktiske omgrep og sentrale teoriar om språklæring
- har kunnskap om ulike eigna medium - og tekstformer tilpassa målgruppa
Ferdigheiter
Studenten
- kan kommunisera med god uttale og intonasjon og bruka varierte språkstrukturar i munnleg og skriftleg kommunikasjon
- kan bruka teoretisk kunnskap for å planleggja og gjennomføra undervisning i tråd med kompetansemåla i faget sin læreplan
- kan leggja til rette for varierte arbeidsmåtar som fremjar utforsking, nyfikne og kreativitet i framandspråkopplæringa i eit fagovergripande perspektiv
- kan vurdere læremidlar og vurderingsformer i faget i relasjon til læreplanen for faget
- kan grunngi val og vurderingar utfra eige fagsyn og praksisteori
Generell kompetanse
Studenten
- kan vidareutvikla eigen språkleg og interkulturell kompetanse
- kan bidra aktivt i arbeidet med innovasjonsprosessar i fremmedspråkundervisningen
- kan reflektere over og vurdere eigen og andre sin undervisnings- og vurderingspraksis
- har innsikt i fremmespråkfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kan gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving
- har innsikt i ulike analoge og digitale ressursar (inkludert generativ KI-assistenter/LLM chatboter) som kan fremje språklæring
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å vera til stades på minst 80 % av organiserte, nettbaserte undervisningsaktivitetar (førelesingar, grupper og prosjektarbeid).
Det er tre obligatoriske undervisningsaktiviteter på emnet, og desse må vere godkjende innan fastsette tidsfrister. Oppgåvane som inngår i undervisningsaktivitetane må være godkjende for å gå opp til eksamen. Nærmare informasjon blir gitt ved studiestart.
Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret.