Samarbeid rundt funksjonshindra barn og unge

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med emnet er at studentane skal utvikle grunnleggjande innsikt i ulike funksjonshindringar og korleis desse kan opplevast av born og unge i skule og utdanning. Emnet vil gje studentane ein teoretisk bakgrunn for å kunne beskrive utfordringar og moglegheiter på individ- og systemnivå knytt til ulike vanskar, og gje innsikt i korleis slik kunnskap kan bidra når velferdstenester skal samarbeide om tenester til barn, unge og deira familiar. Emnet vil mellom anna fokusere på korleis ein i rolla som barnekoordinator kan ivareta barn og unge sin rett til medverknad.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • Har grunnleggjande kunnskap om ulike former for funksjonshindringar knytt til psykologiske, fysiologiske, kognitive, sensoriske og/eller biologiske faktorar
  • Har oppdatert forskingsbasert kunnskap om korleis barnehage og skule fungerer for funksjonshindra born og unge
  • Har grunnleggjande innsikt i velferdstenestene si plikt til å samarbeide på system- og individnivå knytt til funksjonshindra born og unge, til dømes i overgangar mellom ulike delar av utdanningssystemet
  • Har grunnleggjande kunnskap om familiar og born sine rettar ved varige og omfattande hjelpebehov

Ferdigheiter

Studenten...

  • Kan bruke forskingsbasert kunnskap om funksjonshindringar og kjennskap til lovverk i analyse av aktuelle case
  • Kan fordjupe seg i korleis funksjonshindringar og arbeid med barn og unge opplevast av aktørar i feltet

Generell kompetanse

Studenten...

  • Kan bidra konstruktivt i gruppearbeid
  • Kan finne fram til og bruke forskingslitteratur og aktuelle lovverk til fagleg fordjupingsarbeid
  • Kan munnleg formidle fagleg relevant arbeid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet krever studierett ved følgende program:

  • Bachelorprogrammet i spesialpedagogikk
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bestå av:

  • førelesingar (12x2 timar)
  • workshop med gruppevise presentasjonar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking i undervisning
  • Intervjue ein relevant fagperson (gruppevis)
  • Gruppevis presentasjon der alle i gruppa bidreg aktivt

Dei obligatoriske undervisningsaktivitetane må vere godkjende før studentane kan framstille seg til vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Mappevurdering. Mappa består av to delar:

  • Podcast i gruppe. Tell 70 prosent av karakteren i emnet.
  • Refleksjonsnotat, individuelt. Tell 30 prosent av karakteren i emnet.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Programansvarlig
Institutt for pedagogikk
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet