Systemarbeid og kartlegging
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- SPED316
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet vil gje innsikt i og forståing for ulike teoriar og prosessar knytt til system- og individ, samt korleis ein kan forebygge på individ-, gruppe- og samfunnsnivå i spesialpedagogisk arbeid. Emnet vil vidare gje kunnskap om kva som kjenneteiknar barn og unge med ulike føresetnader for læring, og kompetanse i korleis ein kan identifisere barn og unge med eller i risiko for å utvikle vanskar gjennom ulike kartleggingstilnærmingar. På emnet vil det vere eit særlig fokus retta mot utfordringar og vanskar innanfor område som språk, lesing, skriving og fleirspråkligheit. Gjennom arbeid med case skal studentane foreslå, utarbeide og reflektere over tiltak som tek vare på individet i fellesskapet, samt syne korleis skular kan jobbe innanfor rammene av profesjonelle lærande fellesskap for å utvikle praksisen sin vidare.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten..
- har kunnskap om og kan reflektere over sentrale systemteoretiske perspektiv med relevans for spesialpedagogisk arbeid og organisasjonsutvikling i skule og opplæring
- har kunnskap om ulike hjelpe- og støttetenester (PPT, BUP, etc.) som skulane samarbeider med, og korleis desse aktørane bidrar inn i sakkyndigheitsarbeid og kompetanse- og organisasjonsutvikling i skule og opplæring
- har kunnskap om og kan reflektere over korleis system og individ påverkar kvarandre
- har kunnskap om korleis førebygge på individ-, gruppe-, organisasjons- og samfunnsnivå
- har kunnskap om det teoretiske og metodologiske grunnlaget for ulike kartleggingstilnærmingar og kan kritisk vurdere relevansen av dette i møte med barn og unge med ulike føresetnader for læring
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar barn og unge med språkvanskar, lese- og skrivevanskar, og utfordringar relatert til fleirspråklegheit
- har kunnskap om korleis vurdere og implementere ulike tiltak basert på ei tilnærming som tek vare på individet i eit fellesskap
Ferdigheiter
Studenten..
- Kan analysere og kritisk vurdere korleis skular kan utvikle gode system i møte med ei mangfaldig elevgruppe innanfor rammene av profesjonelle lærande fellesskap
- kan analysere og kritisk vurdere korleis ulike systemteoretiske perspektiv kan være eigna for å ivareta individet i fellesskapet
- kan analysere og kritisk vurdere ulike førebyggingsstrategiar på individ-, gruppe-, organisasjons- og samfunnsnivå
- kan analysere og kritisk vurdere ulike kartleggingstilnærmingar og kartleggingsmateriell
- kan gjennom arbeid med case analysere og kritisk vurdere resultat frå kartlegging, samt foreslå, utarbeide og reflektere over tiltak som tek vare på individet i fellesskapet
Generell kompetanse
Studenten..
- kan løfte frem, analysere og diskutere sentrale spørsmål og dilemma med relevans for det spesialpedagogiske fagfeltet
- kan kritisk vurdere fordeler og ulemper ved kartlegging som fenomen og metode
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust, annakvart år
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emne er ope for alle med studierett på masterprogrammet i spesialpedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Emne kombinerer forelesingar, seminar, praktiske øvingsoppgåver og ulike former for digital samarbeidslæring.
Emne vil innehalde om lag:
- 8x3 timar førelesning/seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å framstille seg til vurdering i emnet:
- Deltaking på førelesingar/seminar
- Skrive ein rapport basert på utprøving av eit valfritt kartleggingsverktøy
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein individuell munnleg eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F
Vurderingssemester
Haust, annankvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om vurdering i det påfølgande vårsemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. Litteraturlista er på om lag 800 sider.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Institutt for pedagogikk
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet