Tilpassa og individuelt tilrettelagt opplæring og undervisning

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målsetjinga er at studentane utviklar kompetanse til å arbeide kunnskapsbasert og reflektert med inkludering og tilpassa opplæring i eit mangfaldig læringsmiljø. Gjennom teoretisk fordjuping og praksisnær refleksjon skal studentane lære å utvikle praksisar med utgangspunkt i elevane sine styrkar, behov og føresetnader. Vidare skal studentane lære korleis ein kan arbeide for å motverke ulike former for diskriminering. Studentane skal òg utvikle kompetanse til å drøfte og bidra til nytenking om samspelet mellom didaktiske tilnærmingar innan spesialpedagogikk og allmennpedagogikk og korleis ein kan nytta ulike didaktiske grep til elevane sitt beste.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten kan

  • greie ut om utviklinga av omgrepa inkludering, tilpassa opplæring og individuelt tilrettelagt opplæring og gje eksempel på korleis ulike forståingar kan påverka praksisar i skulen
  • beskrive ulike teoretiske perspektiv på funksjonshindring som fenomen
  • beskrive perspektiv på inkludering og mangfald
  • diskutere korleis ein i eigen praksis kan motverka diskriminering i eit mangfaldig læringsmiljø
  • reflektera over etiske fordringar knytt til bruk av ulike omgrep i eigen praksis, til dømes «funksjonshemma» versus «funksjonsvariasjon»
  • bruke kunnskap om høgfrekvente funksjonshindringar som lese- og skrivevanskar og nevrovariasjonar i undervisningsplanlegging

Ferdigheiter

Studenten kan

  • vidareutvikle praksisar med tilpassa opplæring i klasserommet
  • fremje styrkebasert opplæring og elevmedverknad i praksis
  • anvende didaktiske tilnærmingar som fremjar læring for alle og inkluderer spesialpedagogiske tilpassingar som er nødvendige for elevar med særskilde behov
  • bidra i erfaringsdeling om korleis ein kan operasjonalisere utdanningsmål i tråd med læreplanar og i lys av elevens behov og rettar.

Kompetanse

Studenten kan

  • kommunisere og samarbeide med andre om relevante faglege problemstillingar knytt til tilpassa opplæring
  • identifisere behov for utvikling og endring for å leggje til rette for ei mangfaldig elevgruppe
  • reflektere over profesjonsetiske dilemma i arbeidet mot diskriminering.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen/nettbasert
Krav til forkunnskaper
For opptak kreves det at du har generell studiekompetanse eller realkompetanse. Du må i tillegg dokumentere at du har minimum to års relevant arbeidserfaring frå skulen eller frå rettleiingstenesta (OT/PPT).
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått tildelt EVU-rett etter søknad.
Arbeids- og undervisningsformer
  • To studentaktive samlingar
  • Nettbaserte forelesningar og podkastar
  • Individuelt- og gruppearbeid mellom samlingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Forberedt deltakelse på samlingar
  • Gruppeoppgåve der studentane skal produsere ein podkast - med utgangspunkt i eigendefinert case
Vurderingsformer

Mappevurdering. Mappa består av to deler:

  • Podkast i gruppe
  • Refleksjonsnotat, individuelt
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetsvurderingssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Institutt for pedagogikk