Tilpassa og individuelt tilrettelagt opplæring og systemarbeid

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med emnet er at studentane utviklar kompetanse til å arbeide med tilpassa opplæring på organisasjons- og systemnivå. Studentane lærer korleis dei kan medverke til å løyse utfordringar knytt til tilpassa opplæring på eigen skule og overgangar i utdanningssystemet, særleg frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring og frå skule til lære. Studentane utviklar kompetanse i tverrfagleg samarbeid internt i eigen organisasjon og på tvers av tenester, samt i å bidra til å utvikle system og praksisar som fremjar tilpassa opplæring og elevmedverknad. Studentane lærer å vurdere ulike rettigheiter opp mot kvarandre og forhalde seg formålstenleg til desse i profesjonsutøvinga.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten kan

  • beskrive elevane og lærlingane sine rettar i opplæringa
  • beskrive skulen si rolle i samfunnet og samarbeid på tvers av tenester, for eksempel i skjeringspunktet mellom skule og helsetenester
  • beskrive utfordringar i overgangar frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring og frå skule til lære samt gje eksempel på tilnærmingar til samarbeid for å forberede desse overgangane
  • gje eksempel på moglegheiter og utfordringar i samarbeidet i laget rundt elev/lærling
  • gje eksempel på hensiktsmessig systemarbeid i skulen, til dømes når det gjeld skulen i samarbeid med andre tenester, pedagogisk rapport, individuell opplæringsplan og individuell plan

Ferdigheiter

Studenten kan

  • identifisere kva rettar som gjeld elevar/lærlingar som treng særleg tilrettelegging
  • bidra til å vidareutvikle system som varetek ei mangfaldig elev-/lærlingegruppe og viser høg bevisstheit om eiga rolle i denne samanhengen
  • Bidra til å vidareutvikle lokale rutinar for samarbeid som varetek retten til medverknad

Kompetanse

Studenten kan

  • kommunisere om faglege problemstillingar innanfor systemretta arbeid med tilpassa opplæring
  • bidra til nytenking i skulen sitt arbeid med tilpassa opplæring og individuelt tilrettelagt opplæring
  • identifisere juridiske og etiske dilemma i systemarbeid
  • reflektere over eiga profesjonsrolle i møte med samarbeidspartnarar, elevar, lærlingar og føresette

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen/nettbasert
Krav til forkunnskaper
For opptak kreves det at du har generell studiekompetanse eller realkompetanse. Du må i tillegg dokumentere at du har minimum to års relevant arbeidserfaring frå skulen eller frå rettleiingstenesta (OT/PPT).
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått tildelt EVU-rett etter søknad.
Arbeids- og undervisningsformer
  • To studentaktive samlingar à to dagar
  • Nettbaserte forelesningar/podkastar
  • Individuelt- og gruppearbeid mellom samlingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Forberedt deltakelse på samlingar
  • Levere skisse til studentoppgåve med utgangspunkt i eigen praksis (500 ord)
  • Diskutere skisse til studentoppgåve med medstudentar
Vurderingsformer
Heimeeksamen over 10 dagar med utgangspunkt i innlevert studentoppgåve.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetsvurderingssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Institutt for pedagogikk