Tilpassa og individuelt tilrettelagt opplæring og undervisning
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Emnekode
- SPED660
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Målsetjinga med emnet er at studentane utviklar evne til å arbeide kunnskapsbasert og reflektert med inkludering og tilpassa opplæring i eit mangfaldig læringsmiljø. Gjennom teoretisk fordjuping og praksisnær refleksjon skal dei analysere, vurdere og utvikle praksisar med utgangspunkt i elevane sine styrkar, behov og føresetnader. Vidare skal dei utvikle profesjonsetisk bevisstheit om korleis ein kan arbeida for å motverka ulike former for diskriminering. Studentane skal òg utvikle kompetanse til å drøfte og bidra til nytenking om samspelet mellom didaktiske tilnærmingar innan spesialpedagogikk og allmennpedagogikk og korleis ein kan nytta ulike didaktiske grep til elevane sitt beste.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten kan
- samanfatte den historiske utviklinga av omgrepa inkludering, tilpassa opplæring og individuelt tilrettelagt opplæring og drøfte korleis ulike forståingar kan påverka praksisar i skulen
- drøfte ulike teoretiske perspektiv på funksjonshindring som fenomen
- drøfte ulike perspektiv på inkludering og mangfald
- nytta teoretiske perspektiv til å diskutere korleis ein i eigen praksis kan motverka diskriminering i eit mangfaldig læringsmiljø
- reflektera kritisk over etiske fordringar knytt til bruk av ulike omgrep i eigen praksis, til dømes «funksjonshemma» versus «funksjonsvariasjon»
- bruke kunnskap om høgfrekvente funksjonshindringar som lese- og skrivevanskar og nevrovariasjonar i didaktisk tenking
- drøfte korleis spesialpedagogikk og allmennpedagogikk kan verka saman i eit inkluderande læringsmiljø for å fremje styrkebasert opplæring og elevmedverknad
Ferdigheiter
Studenten kan
- vidareutvikle praksisar med tilpassa opplæring i klasserommet
- fremje styrkebasert opplæring og elevmedverknad i praksis
- kombinere didaktiske tilnærmingar som fremjar læring for alle med spesialpedagogiske tilpassingar som er nødvendige for elevar med særskilde behov
- bidra i drøftingar om korleis ein kan operasjonalisere utdanningsmål i tråd med læreplanar og i lys av elevens behov og rettar.
Kompetanse
Studenten kan
- kommunisere og samarbeide med andre om relevante faglege problemstillingar knytt til tilpassa opplæring
- identifisere og vurdere behov for utvikling og endring for å leggje til rette for ei mangfaldig elevgruppe
- diskutere profesjonsetiske dilemma i arbeidet mot diskriminering.
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Undervisningssted
Bergen/nettbasert
Krav til forkunnskaper
For opptak kreves det at du har godkjent lærarutdanning, eller anna pedagogisk utdanning på minimum bachelornivå. Du må i tillegg dokumentere at du har minimum to års relevant arbeidserfaring frå skulen eller frå rettleiingstenesta (OT/PPT).
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått tildelt EVU-rett etter søknad.
Arbeids- og undervisningsformer
- To studentaktive samlingar à to dagar
- Nettbaserte forelesningar/ressursar
- Individuelt- og gruppearbeid mellom samlingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Forberedt deltaking på samlingar
- Gruppeoppgåve der studentane skal produsere ein podkast - med utgangspunkt i eigendefinert case
Vurderingsformer
Mappevurdering. Mappa består av to deler:
- Podkast i gruppe
- Refleksjonsnotat, individuelt
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetsvurderingssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Institutt for pedagogikk