Tilpassa og individuelt tilrettelagt opplæring og systemarbeid

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med emnet er at studentane utviklar kompetanse til å arbeide kritisk og utviklingsretta med tilpassa opplæring på organisasjons- og systemnivå. Dei skal lære å analysere og medverke til å løyse utfordringar knytt til overgangar i utdanningssystemet, særleg frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring og frå skule til lære. Vidare kvalifiserer studentane seg til å etablere og oppretthalde tverrfagleg samarbeid internt i eigen organisasjon og på tvers av tenester, samt utvikle system og praksisar som fremjar tilpassa opplæring og elevmedverknad. Studentane lærer å tolke å vurdere ulike rettar og nytte desse kritisk og formålstenleg i profesjonsutøvinga.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten kan

  • beskrive elevane og lærlingane sine rettar i opplæringa og korleis desse kan bli sett i spel av systema rundt
  • drøfte skulen si rolle i samfunnet og samarbeid på tvers av tenester, for eksempel i skjeringspunktet mellom skule og helsetenester
  • drøfte utfordringar i overgangar frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring og frå skule til lære samt drøfte ulike tilnærmingar til samarbeid for å forberede desse overgangane
  • undersøke moglegheiter og utfordringar i samarbeidet i laget rundt elev/lærling
  • drøfte kva som utgjer hensiktsmessig systemarbeid i skulen, til dømes når det gjeld skulen i samarbeid med andre tenester, pedagogisk rapport, individuell opplæringsplan og individuell plan

Ferdigheiter

Studenten kan

  • handtere ulike spørsmål om rettar som gjeld elevar/lærlingar som treng særleg tilrettelegging
  • vidareutvikle system som varetek ei mangfaldig elev-/lærlingegruppe og viser høg bevisstheit om eiga rolle i denne samanhengen
  • vidareutvikle lokale rutinar for samarbeid som varetek retten til medverknad

Kompetanse

Studenten kan

  • kommunisere om faglege problemstillingar innanfor systemretta arbeid med tilpassa opplæring, både i og mellom profesjonar og til ålmenta
  • tenke nytt om skulen sitt arbeid med tilpassa opplæring og individuelt tilrettelagt opplæring
  • drøfte juridiske og etiske dilemma i systemarbeid
  • reflektere over eiga profesjonsrolle i møte med samarbeidspartnarar, elevar, lærlingar og føresette til elevens beste

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen/nettbasert
Krav til forkunnskaper
For opptak kreves det at du har godkjent lærarutdanning, eller anna pedagogisk utdanning på minimum bachelornivå. Du må i tillegg dokumentere at du har minimum to års relevant arbeidserfaring frå skulen eller frå rettleiingstenesta (OT/PPT).
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått tildelt EVU-rett etter søknad.
Arbeids- og undervisningsformer
  • To studentaktive samlingar à to dagar
  • Nettbaserte forelesningar/podkastar
  • Individuelt- og gruppearbeid i og mellom samlingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Forberedt deltaking på samlingar
  • Levere skisse til studentoppgåve med utgangspunkt i eigen praksis (1000 ord)
  • Gje tilbakemelding til medstudentar på skisse til studentoppgåve
Vurderingsformer
Heimeeksamen over 10 dagar med utgangspunkt i innlevert studentoppgåve.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetsvurderingssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Institutt for pedagogikk