Trendar i moderne spansk lingvistikk: teori og metode

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal innehalda minst fire av fylgjande komponentar:

- Spansk språk som studiemål (innleiing)

- Metodar i spansk dialektologi

- Metodar i spansk sosiolingvistikk

- Spansk i kontakt med andre språk

- Spansk språk og kultur

- Nye trendar innan spansk lingvistikk

- Korpuslingvistikk

- Munnleg språk

- Pragmatikk

- Tekstlingvistikk

- Diskursanalyse

- Omsetjing

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, kompetanse og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan spansk språkvitskap, og kjenner hovudlinene i dei ulike metodane og teknikkane språkforskarar har brukt i analysen av spansk i nyare tid.
  • har innsikt i teoretiske og metodiske problemstillingar innanfor spansk språkvitskap.

Kompetanse

Studenten

  • er i stand til å gjere greie for hovuddraga i moderne måtar å arbeida med spansk språk på.
  • har eit grunnlag for å halde fram med forskingsverksemd innan spansk språk.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan skilja mellom desse metodane og arbeida med dei.
  • har fått oppøving i evne til kritisk refleksjon

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisinga skjer på spansk og føreset solide spanskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Kunnskapar tilsvarande fullført bachelorgrad i spansk og latinamerikastudium.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i spansk og latinamerikastudium og lektorprogrammet i fremmedspråk med spansk som fag 1.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsform er seminar/førelesingar på til saman 24 timar, to timar per veke i 12 veker eller som blokkundervisning, der det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt gjennom semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Eit utkast av den rettleidde oppgåva som blir omtala i rubrikken "Vurderingsformer" skal leverast til rettleiing til fastsett tid i semesteret.

Det er òg obligatorisk for studentane å møte ein gong til rettleiing til avtalt tidspunkt. Rettleiinga kan verta digital. Frist for innlevering av utkastet blir kunngjort på seminaret.

Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav gjeld i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Ei rettleidd oppgåve (essay) på ca. 4000 ord på spansk, pluss bibliografi. Tema for oppgåva blir godkjent av faglærar, og oppgåva blir vurdert av ein eksamenskommisjon i slutten av semesteret.
Karakterskala
Det blir nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Ca. 500 sider henta frå diverse arbeid i spansk språkvitskap frå ca. 1950 til i dag. Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane har alle hjelpemiddel tilgjengelege då eksamensoppgåva vert skriven heime, men ein minner om at den innleverte oppgåva skal vera studenten sitt sjølvstendige arbeid. Ein viser elles til UiB sine retningslinjer i høve fusk og plagiat, inkludert kunstig intelligens.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for spansk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.