Prosjektdesign og forskingsformidling for latinamerikastudium

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet gjev innsyn i ulike typar forskingsstrategiar og prosjektdesign som er aktuelle i samband med utforminga av masteroppgåver i latinamerikastudium. Det skal dessutan gje studentane grunnlag for å definere eit masterprosjekt på strukturert vitskapeleg vis, ved å gje innføring i å skrive ei prosjektskisse, drøfte kva som kan vere aktuelle emne for oppgåva og gjere greie for aktuelle rettleiingsressursar på faget.

Innhald:

Emnet inneheld ulike typar kjeldemateriale og eit utval sentrale teoretiske tekstar.

Det vil også innehalde eit kurs på biblioteket med innføring i ulike metodar for effektiv søking og bruk av digitale verktøy for å innhente oversyn over fagfeltet og informasjon om ressursar for fagleg oppdatering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har innsyn i eigna metodar for å innhente kjeldestoff og/eller data.

Ferdigheiter

Studenten

  • har evne til å formulere gode problemstillingar og hypotesar på basis av etablert kunnskap (teori og tidligere forskning).

Generell kompetanse

Studenten

  • har evne til å analysere data og/eller tekst (i vid meining).

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men undervisninga skjer på spansk og føreset solide spanskkunnskapar. Unntak er kurset på biblioteket som skjer på norsk eller engelsk.
Tilrådde forkunnskapar
Sjå "Krav til forkunnskapar"
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i spansk og latinamerikastudium og studentar på lektorprogrammet i framandspråk med spansk som fag 1.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsform er seminar på normalt 20 timar som blokkundervisning, der det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt gjennom semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er eit krav at studentane deltek på minimum 70 % av undervisninga. Kurset på biblioteket er obligatorisk, og det same er undervisningsøkta der den obligatoriske munnlege presentasjonen som vert nemnt under, vert halden..

Innanfor undervisningsperioden skal studentane halde ein munnleg presentasjon. Meir informasjon om denne vert gjeven ved kursstart.

Som integrert del av emnet, må studentane levere inn ein søknad som fortel fagkoordinator kva for disiplinar dei ønskjer å studere i arbeidet med masteroppgåva. I søknaden skal studenten sjølv rangere to disiplinar. Val av disiplin vil setje ei overordna ramme for masteroppgåva og samstundes rå over fordelinga av rettleiarar. Konkret informasjon om prosessen vert gitt ved kursstart.

Arbeidskrava må vera godkjende av faglærar før studentane kan gå opp til endeleg eksamen. Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er ein fem dagars heimeeksamen. Studentane skal skriva ei oppgåve på om lag 1750 ord på spansk.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Ca. 400 sider henta frå læreverk og artiklar som omhandlar metode og teori innan formidling av forsking.

Litteraturlista vil vere klar innan den 1. desember for bruk i vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførde i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane har alle hjelpemiddel tilgjengelege då eksamensoppgåva vert skriven heime, men ein minner om at den innleverte oppgåva skal vera studenten sitt sjølvstendige arbeid. Ein viser elles til UiB sine retningslinjer i høve fusk og plagiat, inkludert kunstig intelligens.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.