Teaterhistorie: Historiografi og forskingsmetoder

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet skal gjennom historiske djupstudium, innføring i teatervitskaplege forskingsmetodar og teaterhistoriografiske teoriar, gi studenten innsikt i og forståing av eldre og nyare teaterhistorie og teaterforsking.

Innføring i vitskapsteori skal bidra til ei djupare filosofisk-estetisk forståing av teater og gi metodiske og kritiske reiskapar for arbeidet med teaterhistoriske emne.

Emnet er obligatorisk i masterstudiet i teatervitskap.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • avanserte kunnskapar om utvalde felt innanfor teaterhistoria
  • avanserte kunnskapar om teaterhistoriografiske teoriar og metodar
  • god forståing for dei underliggande forskingsmetodiske problemstillingar i teatervitskapen

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • samanlikne og vurdere ulike teaterhistoriografiske standpunkt
  • analysere ein teaterhistorisk tekst ut frå historiografiske perspektiv
  • utøve teaterhistorisk kjeldekritikk

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • drøfte ulike måtar å framstille teaterhistoriske emnar
  • bidra til teaterhistorieskrivinga

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningssted

Bergen.
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av forelesingar og seminar med studentinnlegg.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må møte på minst 75% av undervisninga.
Vurderingsformer

Sju dagars heimeeksamen (om lag 5000 ord) med justerande munnleg prøve.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Heimeeksamen må vere greidd for at studenten kan gå opp til munnleg eksamen.

Karakterskala
karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum består av om lag 1000 sider omfattande teaterhistoriske spesialstudium, historiografisk teori og vitskapsteori.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarlig
Programstyret for teatervitskap
Emneansvarlig
Fagmiljøet i teatervitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium