Økonomisk kriminalitet og gransking

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Økonomisk kriminalitet påfører samfunnet store tap kvart år, og arbeid mot av slik kriminalitet får stadig meir plass i det offentlege ordskiftet. Avsløring av økonomisk kriminalitet er samstundes ein sentral del av journalistikken. Dette kurset vil lære deg korleis du går fram for å granske og avsløre kriminalitet som er profittmotivert.

Fokuset vil vere på praktiske case der ein skal analysere selskap, rekneskap og annan finansiell informasjon for å følgje pengespor. Vi vil gå gjennom moderne granskingsteknikkar og metodar som blir nytta av både private aktørar og journalistar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten...

  • har forståing for korleis granskingar av økonomisk kriminalitet blir planlagde og gjennomførte, og kan vurdere metodane kritisk 
  • har forståing for korleis økonomisk kriminalitet oppstår og kan avdekkast gjennom journalisitsk arbeid.
  • har kjennskap til relevant juss, inkludert offentlege innkjøp.

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan analysere ulike informasjonskjelder og nytte ei rekkje ulike verktøy for å avsløre og forstå bakgrunnen for økonomisk kriminalitet.
  • kan analysere verkemidla for å førebyggje økonomisk kriminalitet.

Generell kompetanse

Studenten...

  • har evne til å nytte kunnskapar og ulike verktøy for å gjennomføre granskingprosjekt som er relevante for å avsløre økonomisk kriminalitet.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, høgare grad

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Bachelor eller tilsvarande. Inntil 60 studiepoeng kan bli realkompetansevurdert ved lang og relevant erfaring.
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Videreutdanningskurs. Ope for dei som har fått opptak til emnet gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer
Samlingar, workshops, seminar, førelesninger og gruppearbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Emneoppgåve. Ca 15 sider (Times 12 punkt, halvanna linjeavstand).

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap.
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.