Språk i Ukraina: politikk, identitet og kultur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

I dette emnet får du eit innblikk i Ukraina som eit fleirspråkleg samfunn og ei grunnleggjande forståing av samspelet mellom språk, identitet, kultur og politikk. Emnet tek for seg det ukrainske språkets framvekst, dets posisjon i Ukraina i dag og bakgrunnen for den utbreidde tospråklegheita i landet. Du lærer om språkpolitikken i det uavhengige Ukraina etter 1991, om verdsspråket engelsk sin status i ulike delar av samfunnet og om sentrale debattar om språkbruk og språkval. Du får òg høve til å utforske kva rollar statsspråk, minoritetsspråk og urfolkspråk spelar for kulturell identitet og samfunnsdeltaking i Ukraina.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten

- god kjennskap til ulike språk i det ukrainske samfunnet.

- god kjennskap til det ukrainske språkets framvekst.

- god kunnskap om dei politiske og historiske vilkåra for ukrainsk på 1800- og 1900-talet.

- ei god forståing av språkpolitikk i det uavhengige Ukraina frå 1991

- ei grunnleggjande forståing av aktørar, argument og retningar i debattar om språk og språkpolitikk i Ukraina

- ei grunnleggjande forståing av tilhøva mellom språk, identitet og kultur

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan studenten

- orientere seg godt i kjelder og faglitteratur om språk og språkpolitikk i Ukraina

- bruke grunnleggjande analytiske reiskapar i studiet av Ukrainas språklege landskap

- analysere tilhøva mellom språk, identitet og kultur

- uttrykke kunnskapen sin om emnets innhald munnleg og skriftleg

Generell kompetanse

Ved fullført emne kan studenten

- diskutere og evaluere ulike perspektiv i framstillingar av språktilhøva i Ukraina

- tenkje og argumentere kritisk og sjølvstendig om innhaldet i emnet

Studiepoeng, omfang

2,5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Nettbasert, asynkron undervisning.

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet må du søke og få opptak via UiB sine nettstudiar og vidareutdanningstilbod. Sjå meir informasjon her: https://www4.uib.no/studier/nettstudier-og-videreutdanning.

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er nettbasert og består av læringsressursar på plattforma MittUiB (videoar, podkastar, oppgåver, quizar, anna materiale) fordelt på 5-7 modular, samt ei (frivillig) digital oppstartssamling. Undervisninga er asynkron, og studentane kan arbeide med emnet når dei ynskjer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Emnet nyttar mappevurdering som vurderingsform. Mappa består av digitale kunnskapsprøver (quizar) og deltaking i digitale diskusjonsforum på læringsplattforma. Alle delar må være bestått.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Det er berre vurdering i semester med undervisning i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Programstyret for russisk.

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.