Urban mosaikk: Identitet, mangfald og endring i Ukrainas byar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet tek utgangspunkt i dei ukrainske byane som historiske og kulturelle møteplassar og utforskar korleis ulike kulturar, religionar, språk, imperium og migrasjonsprosessar har forma det moderne Ukraina.

Gjennom casestudiar av Kyiv, Lviv, Odesa, Kharkiv, Dnipro og Donetsk får studentane innblikk i det kulturelle og regionale mangfaldet i Ukraina frå eldre historie og fram til i dag. Emnet tek for seg tema som statsbygging, fleirkulturelle bysamfunn, migrasjon, modernisering, industrialisering, lokale og nasjonale identitetar, kulturarv og minne. Vi ser særleg på korleis skiftande imperium og statsgrenser har sett spor etter seg i byane og befolkninga deira.

Du lærer også om korleis krig, okkupasjon og omfattande migrasjon sidan 2014 har endra dei ukrainske byane og rolla deira i samfunnet. Studentane blir introduserte for aktuelle spørsmål knytte til avkolonisering, kulturarv, minne, fordriving og urbane identitetar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten

- god kunnskap om korleis imperium, migrasjon, modernisering og krig har påverka utviklinga av det urbane landskapet i Ukraina

- god kjennskap til hovudtrekka ved den historiske og kulturelle utviklinga i eit utval ukrainske byar

- ei grunnleggjande forståing av det kulturelle, språklege, religiøse og regionale mangfaldet i Ukraina

- ei forståing av tilhøva mellom lokale, regionale og nasjonale identitetar i Ukraina

- ei grunnleggjande forståing av aktuelle spørsmål knytte til kulturarv, minne og avkolonisering i ukrainske byar

- kjennskap til sentrale kulturpersonlegdomar og kulturelle uttrykk knytte til den urbane historia til Ukraina

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan studenten

- orientere seg i kjelder og faglitteratur om ukrainsk byhistorie, kultur og samfunn

- bruke grunnleggjande analytiske verktøy til å undersøkje samanhengar mellom byrom, historie, kultur og identitet

- analysere korleis historiske prosessar som migrasjon, imperialisme, modernisering og krig kjem til uttrykk i utviklinga av ukrainske byar

- bruke litterære tekstar, film og andre kulturelle uttrykk som kjelder til å forstå historiske og samfunnsmessige prosessar

Generell kompetanse

Ved fullført emne kan studenten

- diskutere Ukrainas historie, kultur og regionale mangfald

- reflektere kritisk over samanhengar mellom historie, minne, kulturarv og identitet

- forstå den urbane og kulturelle historia til Ukraina i ein breiare europeisk samanheng

Studiepoeng, omfang

2,5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Nettbasert, asynkron undervisning.

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet må du søke og få opptak via UiB sine nettstudiar og vidareutdanningstilbod. Sjå meir informasjon her: https://www4.uib.no/studier/nettstudier-og-videreutdanning.

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er nettbasert og består av læringsressursar på plattforma MittUiB (videoar, podkastar, oppgåver, quizar, anna materiale) fordelt på 5-7 modular, samt ei (frivillig) digital oppstartssamling. Undervisninga er asynkron, og studentane kan arbeide med emnet når dei ynskjer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Emnet nyttar mappevurdering som vurderingsform. Mappa består av digitale kunnskapsprøver (quizar) og deltaking i digitale diskusjonsforum på læringsplattforma. Alle delar må være bestått.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Det er berre vurdering i semester med undervisning i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Programstyret for russisk.

Administrativt ansvarlig

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.