Sentrale spørsmål i forsking og samfunn. Menneske: Natur og kultur

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Formålet med studiet er å gi studentane moglegheit til å

  • øve opp evna til kritisk refleksjon om forholdet mellom ulike kunnskapsformer og vitskapsfelt
  • utvikle intellektuelle ferdigheiter til å engasjere seg i forskingsbasert, tverrfagleg diskusjon om sentrale samfunnsspørsmål

Læringsutbytte

Studentar med oppnådde studiepoeng i emnet "Sentrale spørsmål i forsking og samfunn" skal

  1. kunne gjere greie for sentrale forskingsspørsmål og forskingsarbeid frå fleire vitskapsfelt knytt til ein overordna og fagovergripande tematikk (spesifiserast i høve til kvart enkelt kurs)
  2. kunne drøfte relevansen av forskingsarbeid knytt til tematikken (sjå nedanfor) for ein kunnskapsbasert politikk på området
  3. kunne gjere greie for eigenart og arbeids- og forståingsformer frå fleire vitskapsfelt, inkludert kunnskap om forskingssystemet
  4. kunne vise gjennom konkret argumentasjon kjennskap til ulike tilnærmingar til spørsmål som er sentrale for samfunnet. Dette inkluderer ulike vitskaplege tilnærmingar så vel som dei som tek sitt utgangspunkt utanfor vitskapen (t.d. politiske avgjerder, samfunnsdebatt, livssyn, verdispørsmål med meir)

Dette skal oppnåast gjennom arbeid med temamodular. Når det gjeld denne temamodulen, skal studentane bli i stand til å diskutere temaet "Mennesket: Natur og kultur" med utgangspunkt i premissane 1-4.

Studiepoeng, omfang

5 sp

Studienivå (studiesyklus)

200-nivå

Undervisningssemester

Vår eller haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
-
Anbefalte forkunnskaper
Examen philosophicum og påbegynt bachelor-grad.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Du må ha bestått minimum 30 sp og du må ha studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga består av førelesingar og diskusjonsseminar, i alt 24-26 undervisningstimar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte på undervisninga (minimum 80%).

Obligatoriske aktivitetar er gyldige 1 semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer
Skriftleg arbeid (3000-4000 ord inkl. referansar) med utgreiing og kritisk diskusjon av eit tema-relevant samfunnsspørsmål. Nærare informasjon om krav til og utforming av det skriftlege arbeidet vil bli publisert på MittUiB.
Karakterskala
Ved sensur av emnet blir karakterskalaen bestått/ikkje bestått nytta.
Vurderingssemester
Haust / Vår
Litteraturliste
Litteraturliste
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarlig
Senter for vitskapsteori
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Senter for vitskapsteori