Energi (master)

Master i energi passer for deg som er interessert i verdas energiforbruk. Ei berekraftig framtid krev at vi endrar dagens energiforsyning og energibruk. Energiforbruket i verda er i rask endring og gjennom studiet tileignar du deg ettertrakta kompetanse innan energiomstilling.

Kva lærer du?

Ein ferdig utdanna student frå masterprogrammet i energi:   

  • har solid, vitskapeleg fundert kunnskap om ulike energiressursar, deira utnytting, fordeler og ulemper
  • har spesialisering innan eit av energitema 1) vind- og havenergi, 2) Matematikk, fysikk og informatikk eller 3) kjemi og miljø
  • kan foreta avanserte analysar av til dømes ressursar,  fornybar  energi, systemverknad og  miljøkonsekvensar
  • har eit fundament for å forstå eit breitt spekter av tema knytt til energiressursar og energibruk, og å vurdere dei i eit miljø- og samfunnsperspektiv

På bakgrunn av temagruppe du er tatt opp til, fordjupar du deg i utfordringar knytt til energi frå vind, vatn og sol; geotermisk energi (jordvarme); energifysikk og materiale til energisystem; overføring av energi, inkludert elektriske system; og energisystem inkludert energitryggleik, systemoptimalisering og miljøpåverknad. 

 

Studiekvardag

På masterprogrammet i energi blir du del av eit kull som følger kvarandre gjennom studiet. Vi har eit inkluderande studentmiljø på tvers av kulla, og du vil treffe studentar på liknande studieprogram i dei ulike emna. Studiekvardagen består av undervisning i store og små grupper, data- og rekneøvingar, laboratoriearbeid og sjølvstudium. Du kan regne med å bruke rundt 40 timar i veka på̊ studiar. Du finn lesesalsplassar på̊ læringssenteret til Universitetsbiblioteket på̊ Realfagbygget eller i Allégaten 66. På dei varmaste dagane sit mange studentar i den fine hagen framfor Geofysisk institutt. Programmet har vi eit aktivt fagutval (Lumen), som både har sosiale og faglege  arrangement. Følg studentane her. Du får vere ein del av eit internasjonalt fagmiljø gjennom samarbeid med for eksempel, Bergen Offshore Wind Centre (BOW), Bergen Energy Lab og Bjerknessenteret for klimaforsking. 

Kva kan du jobbe som?

Kandidatar med mastergrad i energi er etterspurde. Dagens utfordringar skapar aukande behov for spesialistar innan energi og energiomstilling, både i Noreg og i verda. 

Utdanninga opnar for ein karriere i både privat og offentleg sektor, for eksempel innan 

  • energiselskaper (som Equinor, Statkraft og Eviny)
  • energiteknologiselskaper
  • konsulentselskaper (som StormGeo, Multiconsult)
  • universiteter, høyskoler og forskningsinstitutter
  • transportbedrifter (som NCE Maritime Cleantech)
  • leverandørindustri (som Aker Solutions, Aibel, Kværner) 
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
- dei generelle opptakskrava for master på UiB
- dei generelle opptakskrava for dette studiet, som du finn i studieplanen (ekstern lenke)

Opptakskrav er delt i to deler: Eit generelt opptakskrav for alle temagruppene, deretter spesifikke opptakskrav for kvar gruppe.
• Temagruppe 1 Vind- og havenergi
• Temagruppe 2 Matematikk, fysikk og informatikk
• Temagruppe 3 Kjemi og miljø

Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren (søknadsfrist 1. november), dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk og engelsk

Studiets oppbygging

Studiet består av ein emnedel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.

Emnet ENERGI300 er obligatorisk. Valemne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samråd med rettleiar. 

Slik ser studieplanen ut:  

1. semester (haust)  

ENERGI300 - Energiressursar og forbruk (10 studiepoeng) 

Valemne (10 studiepoeng) 

Valemne (10 studiepoeng) 

2. semester (vår)  

Valemne (10 studiepoeng) 

Valemne (10 studiepoeng) 

Valemne (10 studiepoeng)  

3. semester (haust) 

ENERGI399 - Masteroppgåve (30 studiepoeng) 

4. semester (vår) 

ENERGI399 - Masteroppgåve (30 studiepoeng) 

Emna skal vere på 200- eller 300-nivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. 

Undervisninga på masterstudiet blir gitt som ein kombinasjon av førelesingar, øvingar, laboratoriearbeid med journalar, seminar og feltarbeid.  Du finn meir informasjon om dei konkrete arbeidskrava på nettsidene til kvart enkelt emne.  

Masteroppgåva   

Du finn eit forskingsemne og rettleiar når du begynner som masterstudent. Det finst mange spennande masterprosjekt å velje mellom innan kvar temagruppe. 

Vi forventar at du jobbar sjølvstendig med masteroppgåva, men du får god støtte frå rettleiaren din. Du er òg forventa å kunne diskutere emnet med medstudentane dine.  

Sjå lista over våre tidlegare mastergradoppgåver. 

Utveksling

Dersom du ynskjer eit utanlandsopphald, kan du ta kontakt med studierettleiar eller fagleg rettleiar tidleg i masterstudiet.  

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Studieprogrammet gir formelt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan fagfeltet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: + 47 55 58 30 30
E-post: info.nt@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i energi