Fysikk (master)
Å studere fysikk er å forstå verda rundt oss og oppbygginga av naturen. Kunnskapen er viktig for å løyse store utfordringar i samfunnet vårt, som klimaendringar og moderne kreftbehandling. Ein fysikar er svært ettertrakta på arbeidsmarknaden.
- Varigheit
- 2 år
- Studieplassar
- 13
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust og vår
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
Kva lærer du?
På masterstudiet vil du lære å forstå kvifor verda rundt oss er som den er, og korleis me kan bruke og utvikle teknologi til å forstå prosessar rundt oss. Du lærer korleis du kan bruke kunstig intelligens og numeriske metodar for å forstå og analysere alt frå:
- mørk materie og dei minste byggjesteinane som kvarkar, gluon og Higgs m.m.
- utvikle teknologi til å forbetre behandling og diagnostisering av til dømes sjukdomar
- korleis elektromagnetiske bølgjer (lys, UV, radiobølgjer etc.) og lyd brukast til å forstå, utforske og overvake hav, atmosfære, verdsrommet, klima, olje, gass og fisk.
Du lærer og korleis man lager detektorar og måleutstyr som kan gi oss informasjon naudsynt for å innhente data til å utføre analysar og teknologisk utvikling som nemnt over.
Som masterstudent kjem du inn i eit svært levande og aktivt forskingsmiljø på instituttet, med eit stort internasjonasjonalt nettverk.
Studiekvardag
Arbeidsveka di er fylt opp med aktivitetar som laboratoriearbeid, feltarbeid (til dømes på CERN, Sognefjorden og Svalbard), dataanalyse og programmering, samt førelesingar og anna undervisning.
Du får undervisning av forskarar som er leiande innan sine fagfelt. Instituttet er ein viktig partnar i internasjonale forskingsmiljø og samarbeider tett med universitet og forskingsinstitusjonar.
Du blir ein naturleg del av forskingsgruppa i eit inkluderande arbeidsmiljø med fast lesesalsplass. Avhengig av masteroppgåve kan du delta i praktisk feltarbeid på stader som Marifjøra, Andøya Space, Svalbard eller CERN. Du får brei erfaring i programmering og handtering av store datamengder.
Som student kan du ofå verdifull arbeidserfaring som studentassistent eller mentor for yngre studentar. Fagutvalet for Fysikk og Teknologi (FFT) og linjeforeininga Doppler organiserer sosiale og faglege aktivitetar.
Kva kan du jobbe som?
Som ferdig utdanna fysikar har du ekspertise innan fysikk og teknologi kombinert med brei kompetanse innan naturvitskap. Dette sikrar at du er godt utrusta til å gå inn i roller innan forsking, utdanning, næringsliv, administrasjon og samfunnsarbeid.
Med mastergrad i fysikk kan du ta mange forskjellige yrkesvegar, både i privat og offentleg sektor. Tidlegare studentar har fått jobb ved:
- Apple Silicon Valley
- CERN
- Data Respons
- DNB
- Equinor
- ESA
- Forsvaret
- Halliburton
- Haukeland Universitetssykehus
- Marine Technologies LLC
- NORCE
- Norconsult
- Odfjell
- Rambøll
- SWECO
- Universitet i Bergen, Oslo, Tromsø m.m.
- Zaptec
Opptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Masterprogrammet i fysikk har to offisielle studieretningar, Master i fysikk og Master i teknisk fysikk. Du vel studieretning basert på din utdanningsbakgrunn.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
- dei generelle opptakskrava for master på UiB
- dei generelle opptakskrava for dette studiet, som du finn i studieplanen
Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren (søknadsfrist 1. november), dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Studiets oppbygging
Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar både om hausten og våren.
Det første året skal du hovudsakleg ta emner, medan i andre året er fokuset på masteroppgåva. Oppgåva er på 60 studiepoeng, og du skal til saman ta 60 studiepoeng emner. Tillpasningar gjerast i samråd med rettleiar.
Du vel mastertema frå tilgjengelege masterprosjekt i fysikk og teknisk fysikk, eller du kan finne fram til eit tema som passar deg i samråd med rettleiaren din.
Utveksling
Det finst fleire alternativ for studentar som vil reise på eit utvekslingsopphald i utlandet. Du kan utføre feltarbeid og ta emnar ved Universitetssenteret på Svalbard, søke om å vere sommarstudent eller teknisk student på CERN eller ta del i ein annan utvekslingsaktivitet.
Vidare studiemoglegheiter
Studieprogrammet gir formelt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan fagfeltet.
Det kvalifiserer for eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) som kvalifiserer til å undervise som lærar i ungdomsskulen og vidaregåande skule.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.