Global Challenges for Sustainability (Master's)
Global Challenges for Sustainable Development er ein felles internasjonal mastergrad tildelt av ni medlemsuniversitet i CHARM-EU-alliansen. Programmet er utforma for studentar frå ulike akademiske bakgrunnar og bruker ei utfordringsbasert og tverrfagleg tilnærming til å løyse berekraftspørsmål i dag
- Varigheit
- 2 år
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Engelsk
Kva lærer du?
Som student på dette programmet vil du oppnå
- djupnekunnskap om berekraftsutfordringar, ved å engasjere deg i sentrale utviklingar innan berekraftsvitskap, politikk og praksis
- spesialisert ekspertise innan eitt av fokusområda:
- mat
- vatn
- liv og helse
- energi og berekraftige byar
- tverrfaglege forskings- og analyseevner, ved å løyse komplekse globale utfordringar frå fleire perspektiv med omsyn til ulike interessentar og kulturelle kontekstar
- avanserte vitskaplege teknologiske ferdigheiter, ved å utvikle dugleik i å hente inn, analysere og kommunisere komplekse berekraftsdata på ein etisk og effektiv måte
- kreative og kritiske tenkjeevner og interkulturell kompetanse, ved å tileigne deg avanserte tverrfaglege kompetansar innan problemløysing, entreprenørskap, innovasjon og digitale ferdigheiter
Studiekvardag
Gjennom undervisningsmodellen til CHARM-EU får studentane fordelar som
- hybrid læring: læring skjer gjennom ein kombinasjon av fysisk og nettbasert undervisning
- internasjonal mobilitet: du kan studere ved opptil fire partnaruniversitet, noko som berikar det globale perspektivet ditt
- tverrfagleg undervisning: kursa blir undervist av lærarar frå ulike disiplinar, noko som oppmuntrar til innovativ tenking og samarbeidande problemløysing
- reell profesjonell erfaring: i praksis- og hovudprosjektfasane (semester 3 og 4) har programmet eit sterkt fokus på “reelle” utfordringar. Du vil få praktisk erfaring ved å samarbeide med interessentar som internasjonale organisasjonar, NGO-ar, forskingssenter eller private selskap, for å løyse ei berekraftsutfordring og bruke kunnskap på eit konkret, reelt problem
Kva kan du jobbe som?
Du vil være godt rusta for karrierar i berekraftsfokuserte roller på tvers av sektorar, inkludert:
- offentleg administrasjon: arbeid med tverrfaglege prosjekt i offentleg administrasjon, integrering og bruk av berekraftsvitskap
- konsulentverksemd: rådgjeving av bedrifter, offentlege institusjonar og NGO-ar
- berekraftstyring og forretningsomforming: til dømes gjennom samfunnsansvar, grøn ansvar og ansvarleg innovasjon
- politikk, påverknad og kommunikasjon: utforming av berekraftspolitikk og kommunikasjon om berekraftsutfordringar
- innovasjon og entreprenørskap
- akademia og forsking
Opptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
• Akademisk krav: fullført bachelorgrad eller tilsvarande
• Språkkrav: engelskferdigheiter på C1-nivå (sertifisering påkravd)
• Søknadsperiode: opnar 15. januar 2026
• Søknadsdetaljar: Søknaden sendes direkte til CHARM-EU, og ikke via Søknadsweb. Detaljar om korleis ein søkjer finn du på CHARM-EU-nettstaden. (ekstern lenke)
Studieavgifter og stipend:
• EU/EØS-studentar: €5,000
• Ikkje-EU-studentar: €24,000
• Finansiell støtte: Mobilitetsstipend og stipend tilgjengelege gjennom Erasmus+ og andre finansieringskjelder.
For meir informasjon om stipend og finansiering se CHARM-EU sin nettstad. (ekstern lenke)
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Engelsk
Studiets oppbygging
Semester 1: ein førebuande fase, med kjerneemne om sosial innovasjon, berekraft og tverrfagleg forsking
Semester 2: spesialisering i eitt av fire berekraftstema. Du vel mellom 4 tema: mat, vatn, liv og helse, energi og berekraftige byar. Kvart tema består av 3 emne.
Semester 3: profesjonell praksis med ein ekstern partnar. Dette er ein eksperimentell fase som gir moglegheit til å ha praksis i eit profesjonelt miljø i ulike typar organisasjonar (privat selskap, offentleg institusjon, ikkje-statleg organisasjon, forskingslaboratorium, osv.).
Semester 4: hovudprosjekt: skriving av masteroppgåva, i samarbeid med akademiske og ikkje-akademiske interessentar i denne fasen, kalla Capstone, arbeider studentane i samarbeid med sine medstudentar, akademisk personale og ikkje-akademiske aktørar (t.d selskap eller foreiningar) på ei konkret berekraftsutfordring i Europa eller verda.
For fleire detaljar om kvart semester, sjå programstruktur og læreplan - CHARM-EU
Utveksling
Programmet tilbyr ei verkeleg internasjonal oppleving, som samlar studentar og universitet frå ulike kulturelle og akademiske bakgrunnar. Du vil delta i virtuelle, fysiske og blanda mobilitetsmoglegheiter. Eit obligatorisk semester ved eitt av partnaruniversiteta berikar læringa di ytterlegare. Mobilitetsstipend er tilgjengelege, særleg gjennom Erasmus+ programmet.
Vidare studiemoglegheiter
Uteksaminerte med denne graden er kvalifiserte til å søkje på PhD-program i berekraft og relaterte felt.