Kunst (master)
Det toårige masterprogrammet i kunst førebur deg til å arbeide sjølvstendig og profesjonelt som utøvar i ulike deler av samtidskunstfeltet. I løpet av studiet utviklar du fleire sjølvstendige kunstprosjekt, mellom anna eit avgangsprosjekt som vert vist i ein offentleg samanheng.
- Varigheit
- 2 år
- Studieplassar
- 29
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
Kva lærer du?
Utdanninga gir deg nødvendige kunstnariske, metodiske og teoretiske kvalifikasjonar for å arbeide profesjonelt i eit samansett og samtidig kunstfelt.
Du får rettleiing i kreativ tenking, kunstnarleg forsking, prosjektutvikling, teknikkar og praktiske metodar som er relevante for di eiga kunstnarlege praksis. Sjølvstyrt kunstnarleg praksis er sentralt gjennom heile studiet, og masterprosjektet utgjer ein sentral komponent. Du utviklar arbeidet ditt gjennom forsking, eksperimentering og i løpande dialog med hovudrettleiar, rettleiingsgruppa og andre tilsette og studentar.
Studiekvardag
Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst tilbyr eit stimulerande og utfordrande læringsmiljø. Kunstakademiet held til i ein moderne bygning (lenke) på Møllendal, nær Bergen sentrum, med verkstader og fasilitetar som gir gode vilkår for kunstnarleg produksjon. Du har tett kontakt med fagpersonalet og får tildelt ein hovudrettleiar og ei rettleiingsgruppe som du møter jamleg gjennom studiet.
Kunstakademiet er eit samansveisa internasjonalt miljø, og du blir oppfordra til å delta aktivt i det daglege studentlivet.
Kva kan du jobbe som?
Med ein mastergrad i kunst kan du bli profesjonell kunstnar, kurator, kritikar, produsent, teknikar, undervisar og mykje meir.
Opptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Du sender søknad via Søknadsweb.
Opptaksprosessen har to rundar:
Runda 1:
Søknads- og portfoliovurdeirng - en jury vil vurdere alle innkomne søknader som oppfyller søknadskravet.
Runde 2:
Intervju - alle søkere som blir funnet kvalifisert etter runde 1 vil bli kalt inn til et intervju som del av opptaksprosessen.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Studiets oppbygging
Masterprogrammet i kunst er eit toårig fulltidsstudium som startar i august.
Studiet er forankra i rettleiing, knytt til emnet kunstnarleg praksis (ART). Gjennom dei fire obligatoriske ART-emna utvidar og forbetrar praksisen din seg i omfang og progresjon fram mot avslutninga av masterprosjektet.
Gjennom ulike undervisningsformer — som seminar og gruppesyningar — utviklar du eit omgrep og analytisk forståing av kunst. Du tek òg emne med fokus på refleksjon (REF), som er utforma for å styrkje skriveferdigheiter, kritisk tenking og artikulering.
Kunstakademiet tilbyr ei rekkje valfrie prosjektbaserte emne (PRO) som er knytte til pågåande kunstnarleg forsking.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i andre semester. KMD og Kunstakademiet har inngått utvekslingsavtaler med mange interessante studiesteder.
Vidare studiemoglegheiter
Etter mastergraden kan og du ta meir utdanning:
Eittårig praktisk-pedagogisk utdanning for å bli lærar
Ph.d.-utdanning i kunstnarisk utviklingsarbeid for å undervise og forske på universitetsnivå.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.