Master in Global Challenges for Sustainabilty

Global Challenges for Sustainable Development er ein felles internasjonal mastergrad tildelt av ni medlemsuniversitet i CHARM-EU-alliansen. Programmet er utforma for studentar frå ulike akademiske bakgrunnar og bruker ei utfordringsbasert og tverrfagleg tilnærming til å løyse berekraftspørsmål i dag

Kva lærer du?

Som student på dette programmet vil du oppnå

  • djupnekunnskap om berekraftsutfordringar, ved å engasjere deg i sentrale utviklingar innan berekraftsvitskap, politikk og praksis
     
  • spesialisert ekspertise innan eitt av fokusområda:
  • mat
  • vatn
  • liv og helse
  • energi og berekraftige byar
     
  • tverrfaglege forskings- og analyseevner, ved å løyse komplekse globale utfordringar frå fleire perspektiv med omsyn til ulike interessentar og kulturelle kontekstar
     
  • avanserte vitskaplege teknologiske ferdigheiter, ved å utvikle dugleik i å hente inn, analysere og kommunisere komplekse berekraftsdata på ein etisk og effektiv måte
     
  • kreative og kritiske tenkjeevner og interkulturell kompetanse, ved å tileigne deg avanserte tverrfaglege kompetansar innan problemløysing, entreprenørskap, innovasjon og digitale ferdigheiter
Studiekvardag

Gjennom undervisningsmodellen til CHARM-EU får studentane fordelar som

  • hybrid læring: læring skjer gjennom ein kombinasjon av fysisk og nettbasert undervisning
  • internasjonal mobilitet: du kan studere ved opptil fire partnaruniversitet, noko som berikar det globale perspektivet ditt
  • tverrfagleg undervisning: kursa blir undervist av lærarar frå ulike disiplinar, noko som oppmuntrar til innovativ tenking og samarbeidande problemløysing
  • reell profesjonell erfaring: i praksis- og hovudprosjektfasane (semester 3 og 4) har programmet eit sterkt fokus på “reelle” utfordringar. Du vil få praktisk erfaring ved å samarbeide med interessentar som internasjonale organisasjonar, NGO-ar, forskingssenter eller private selskap, for å løyse ei berekraftsutfordring og bruke kunnskap på eit konkret, reelt problem

 

Kva kan du jobbe som?

Du vil være godt rusta for karrierar i berekraftsfokuserte roller på tvers av sektorar, inkludert:

  • offentleg administrasjon: arbeid med tverrfaglege prosjekt i offentleg administrasjon, integrering og bruk av berekraftsvitskap
  • konsulentverksemd: rådgjeving av bedrifter, offentlege institusjonar og NGO-ar
  • berekraftstyring og forretningsomforming: til dømes gjennom samfunnsansvar, grøn ansvar og ansvarleg innovasjon
  • politikk, påverknad og kommunikasjon: utforming av berekraftspolitikk og kommunikasjon om berekraftsutfordringar
  • innovasjon og entreprenørskap
  • akademia og forsking
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

• Akademisk krav: fullført bachelorgrad eller tilsvarande
• Språkkrav: engelskferdigheiter på C1-nivå (sertifisering påkravd)
• Søknadsperiode: opnar i slutten av februar 2025. Du kan registrere deg for å få varsel når søknadane opnar på: CHARM-EU-nettstaden.
• Søknadsdetaljar: detaljar om korleis ein søkjer finn du på CHARM-EU-nettstaden.

Studieavgifter og stipend:
• EU/EØS-studentar: €5,000
• Ikkje-EU-studentar: €24,000
• Finansiell støtte: Mobilitetsstipend og stipend tilgjengelege gjennom Erasmus+ og andre finansieringskjelder.

For meir informasjon om stipend og finansiering se CHARM-EU sin nettstad.

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Engelsk

Studiets oppbygging

Semester 1: ein førebuande fase, med kjerneemne om sosial innovasjon, berekraft og tverrfagleg forsking

Semester 2: spesialisering i eitt av fire berekraftstema. Du vel mellom 4 tema: mat, vatn, liv og helse, energi og berekraftige byar. Kvart tema består av 3 emne.

Semester 3: profesjonell praksis med ein ekstern partnar. Dette er ein eksperimentell fase som gir moglegheit til å ha praksis i eit profesjonelt miljø i ulike typar organisasjonar (privat selskap, offentleg institusjon, ikkje-statleg organisasjon, forskingslaboratorium, osv.).

Semester 4: hovudprosjekt: skriving av masteroppgåva, i samarbeid med akademiske og ikkje-akademiske interessentar i denne fasen, kalla Capstone, arbeider studentane i samarbeid med sine medstudentar, akademisk personale og ikkje-akademiske aktørar (t.d selskap eller foreiningar) på ei konkret berekraftsutfordring i Europa eller verda.

For fleire detaljar om kvart semester, sjå programstruktur og læreplan - CHARM-EU

Utveksling

Programmet tilbyr ei verkeleg internasjonal oppleving, som samlar studentar og universitet frå ulike kulturelle og akademiske bakgrunnar. Du vil delta i virtuelle, fysiske og blanda mobilitetsmoglegheiter. Eit obligatorisk semester ved eitt av partnaruniversiteta berikar læringa di ytterlegare. Mobilitetsstipend er tilgjengelege, særleg gjennom Erasmus+ programmet.

Vidare studiemoglegheiter

Uteksaminerte med denne graden er kvalifiserte til å søkje på PhD-program i berekraft og relaterte felt.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 24 55
E-post: CHARM-JVAO@uib.no