Meteorologi og oseanografi (master)

Du utforskar havet og atmosfæren gjennom målingar i felt, eksperiment, teori og koding. Med ettertrakta kompetanse på dagens arbeidsmarknad kan du løyse utfordringar knytt til klimaendringar, ekstremvêr, havforsuring og fornybar energi.

Kva lærer du?

Ein mastergrad i meteorologi og oseanografi gir djup forståing av atmosfære- og havdynamikk gjennom fire spesialiserte retningar:  

  • Meteorologi famnar atmosfærens fysikk og dynamikk, meteorologiske målingar, vêrvarsling, og utforskar numerisk modellering.  
  • Fysisk oseanografi famnar havets fysikk og dynamikk, inkludert havstraumar, blanding og tidevatn, frå turbulens til verdshava.  
  • Marin biogeokjemi famnar havets kjemiske samansetting, biogeokjemiske prosessar knytt til klimaendringar og bruk av avanserte metodar for målingar og analysar. 
  • Klimadynamikk famnar dei fysiske prosessane som styrer klima og klimaendringar på ulike tidsskalaer, med fokus på numerisk modellering og observasjonar.  

Kvar retning blir avslutta med ei forskingsbasert masteroppgåve, der studentane bidrar med ny kunnskap innan sitt spesifikke felt.

Studiekvardag

På Geofysisk institutt blir du ein del av eit engasjerande og inkluderande studentmiljø. Her samarbeider studentar på tvers av årskull med innleveringar og førebuingar til eksamen. Du kan forvente rundt seks dobbeltimar med forelesingar kvar veke, i tillegg til rekneøvingar.

Praktisk læring inkluderer laboratorie- og dataøvingar, samt spennande tokt og feltarbeid. Lesesalplassar finn du i nabobygget Allégaten 66 og på Universitetsbiblioteket.

Instituttet har eigen kafé med fin hage der studentar samlast, særleg på varme dagar. Det aktive fagutvalet, Geofysisk fagutval (Coriolis), arrangerer både sosiale og faglege aktivitetar. Følg studentlivet på Instagram. Ved Geofysisk institutt blir du ein del av Nordens største klimaforskingsmiljø, som samarbeider tett med store, internasjonale bedrifter.
 

Kva kan du jobbe som?

Dine karrieremoglegheiter spenner frå konsulentselskap til grøn innovasjon, forsking og utdanning. Du blir etterspurt innan rådgjeving, klimatilpassing, fornybar energi, forsikring og vêrvarsling. Våre studentar blir rekruttert av anerkjente selskap som Multiconsult, Equinor og SINTEF, og institusjonar som Havforskinga, Meteorologisk institutt og Norsk polarinstitutt. Med denne mastergraden kan du gå vidare til ph.d.-studium, forsking eller formidling av vêr-og klimainformasjon. Du kan òg vidareutdanne deg til lektor.

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk and engelsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi har fire studieretningar som beskrive over: Fysisk oseanografi, klimadynamikk, meteorologi og marin biogeokjemi. Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar om hausten. I 1. og 2 semester bygger du spesialisert kunnskap gjennom obligatoriske og valfrie emne på til saman 60 studiepoeng.  I 3. og 4. semester får du gjennom masteroppgåva ei unik moglegheit til å fordjupe deg i eitt tema innanfor eit forskingsområde, med god oppfølging frå rettleiaren din. Sjå «Studieplan» under for dei fire retningane for konkrete val av emne.

Studieretningar
Utveksling

Opphald ved lærestader i utlandet er mogleg, for eksempel gjennom ERASMUS-programmet. Dette må avtalast med rettleiar og inngå i masteravtalen. Det er mogleg å skrive masteroppgåva ved UNIS på Svalbard.

Vidare studiemoglegheiter

Ein mastergrad i meteorologi og oseanografi gir formelt grunnlag for opptak til ph.d.-programmet og vidare forsking innan meteorologi, fysisk oseanografi, klimadynamikk og marin biogeokjemi.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: studierettleiar@gfi.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i meteorologi og oseanografi