Politics and Governance of Global Challenges (master)

Politics and Governance of Global Challenges utforskar den komplekse fleirnivåstyringa av globale og gjenstridige utfordringar i vår tid, til dømes ulikskap, klimaendringar, migrasjon og pandemiar. Det er eit masterprogram som koplar teori med undervisning gjennom prosjektbasert læring.

Kva lærer du?

Programmet analyserer den historiske utviklinga av det transnasjonale systemet som handterer globale utfordringar. Vi studerer interaksjonar mellom ulike aktørar på internasjonale, nasjonale og lokale arenaer, både offentlege og private. Studentane utviklar kunnskap om globale utfordringar frå eit politikk- og styringsperspektiv, inkludert å arbeide for potensielle rettferdige og berekraftige løysingar på komplekse problem verda står ovanfor i dag.

Prosjektbasert læring er kjerna i programmet, og koplar konseptuell og analytisk kunnskap med utvikling av studentane sine evnar til å forstå problem frå den verkelege verda. Programmet vart tildelt Studiekvalitetsprisen 2025, og prosjektbasert læring var eitt av elementa som vart vektlagt når prisen vart tildelt.

Studiekvardag

Som masterstudent ved Institutt for politikk og forvaltning er du del av eit levande og tverrfagleg fagmiljø, der nysgjerrigheit, samarbeid og fellesskap står i sentrum. Allereie første studieår får du tilgang til instituttet sin mastersal, ein viktig møteplass for faglege diskusjonar, idèutveksling og sosiale pausar. På andre studieåret får du eigen fast plass, som gir gode rammer for fordjuping i masterprosjektet og tett kontakt med fagmiljøet.

Masterprogrammet har eit aktivt masterutval som arrangerer faglege og sosiale aktivitetar gjennom studieåret, og som gir studentane medverknad i viktige prosessar ved instituttet. Studentane vert òg tett kopla på forskingsmiljøet, med moglegheit til å delta i forskargrupper, faglege samtalar og arrangement. Kvart år arrangerer studentane GOV-day; ein forskingsretta dag som gir erfaring med prosjektleiing, akademisk formidling og nettverksbygging.

Kva kan du jobbe som?

Programmet gir relevant kompetanse for eit breitt spekter av karrierar, i offentleg og privat sektor, for nasjonalt og internasjonalt NGO-arbeid, og for akademiske karrierar. Programmet gjev særleg relevant kopmetanse for dei som ønskjer ein karriere kor ein arbeider med dei store utfordringane i vår tid, som klimaendringar, migrasjon, ulikskap, helse, matsikkerheit og meir.

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (3.0)
Krev minimum snittkarakter C (3,0) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:



Søknadsfrister:

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Engelsk

Studiets oppbygging

Programmet dekkjer to akademiske år (fire semester) og startar om hausten. Dei fleste studentane gjennomfører ei form for feltarbeid for masterprosjektet sitt. 


Første semester:  

GOV351 – Understanding Global Challenges: Theoretical Foundations (10 studiepoeng)  
GOV352 – Researching Global Challenges (10 studiepoeng)  
GOV353 – Qualitative Methods (10 studiepoeng)  


Andre semester:  

GOV321 –  Quantitative Methods (10 studiepoeng)  
GOV355 –  Investigating Global Challenges (10 studiepoeng)  
Valemne fra Institutt for politikk og forvaltning (10 studiepoeng) 

Ein rettleiar blir oppnemnd for masterprosjektet ditt.  


Tredje semester 

GOV371 – Internship (30 studiepoeng) eller  
GOV372 – Writing an academic article (10 studiepoeng) og emne på tvers av UiB-studieprogram (20 studiepoeng) (totalt 30 studiepoeng) eller  
Utveksling / studiar i utlandet (30 studiepoeng)


Fjerde semester

GOV380 – Master's Thesis in Politics and Governance of Global Challenges (30 studiepoeng)

Utveksling

Masterprogrammet gir deg moglegheita til å dra på utveksling og studere i utlandet. Særleg tredje semester er designa for at studenten sjølv kan forme semesteret sitt, ut ifrå eigne faglege interesser. Utveksling gir nye perspektiv, fagleg fordjuping og verdifulle internasjonale erfaringar og nettverk.

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad i Politics and Governance of Global Challenges kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55 58 98 50
E-post: studieveileder.gov@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Master's programme in Politics and Governance of Global Challenges