Utøvende musikk eller komposisjon (master)
Masterstudiet i utøvande musikk eller komposisjon er eit tilbod til instrumentalistar, songarar og komponistar innan sjangrane klassisk, jazz og tradisjonsmusikk. Studiet legg vekt på å vidareutvikle studentane sin kunstnariske profil og styrke evna til fagleg refleksjon og sjølvstende.
- Varigheit
- 2 år
- Studieplassar
- 12
- Studiepoeng
- 120
- Studiestart
- Haust
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
Kva lærer du?
- å analysere og drøfte musikkfaglege problemstillingar med utgangspunkt i musikken si historie, tradisjonar, stil og estetikk, og musikken sin funksjon i kultur og samfunn
- å analysere og ta kritisk stilling til materiale frå kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking, og bruke dette i eige arbeid
- å realisere og formidle eigne kunstnariske intensjonar med ein tydeleg personleg profil
- å bruke kunnskap til å utvide eigne musikalske perspektiv og gjennomføre sjølvstendig kunstnarisk utviklingsarbeid
- på ein kritisk og reflektert måte å artikulere og drøfte musikkfaglege spørsmål, både innanfor fagmiljøet og i kontakt med publikum
- å vise sjølvstende i møte med krevjande kunstnariske utfordringar, og ved å initiere, gjennomføre og leie ulike prosjekt
- å bidra til utvikling og fornying i musikklivet og musikkbransjen
- å ha innsikt i etiske problemstillingar knytt til kunstnarisk utviklingsarbeid
Studiekvardag
Det blir gitt individuell rettleiing i utøving/komposisjon og prosjektarbeid. Undervisninga ellers er felles.
Masterstudiet har eit internasjonalt studentmiljø og brukar engelsk som kommunikasjonsspråk i delar av fellesundervisninga. I tillegg til undervisning frå eit høgt kvalifisert fagpersonale inviterer programmet nasjonale og internasjonale gjester til å halde seminar og meisterklassar.
Fagpersonalet ved Griegakademiet er internasjonalt aktive utøvarar, komponistar og forskarar. Det er mange ulike spesialiseringar i fagmiljøet, blant anna historisk oppføringspraksis, lied-interpretasjon, opera, kammermusikk, norsk musikk og samtidsmusikk.
Kva kan du jobbe som?
Aktuelle yrke kan vere utøvande musikar/komponist , orkestermusikar, lærar ved universitet/høgskole, i vidaregående skole og i kulturskolen. Ein kvalifiserer seg også for arbeid i det frivillige musikklivet og ved ulike kulturinstitusjonar.
Opptakskrav og søknadsfrist
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Opptaksprøver til master i utøvende musikk eller komposisjon foregår i to runder.
Utfyllande informasjon om opptaksprosessen finn du her
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Studiets oppbygging
Masterprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon er eit toårig fulltidsstudium som startar i august. Emnekoden i parentes.
1.semester (haust):
Prosjektarbeid I, Innføring I arbeidsmetodar (MUV301, 15 studiepoeng)
Konsertframføring I (MUV310, 15 stp) eller Spesialemne I for komponistar (MUV316, 15 stp)
2.semester (vår):
Prosjektarbeid II ( MUV302, 15 stp)
Konsertframføring II (MUV310, 15 stp) eller Spesialemne for komponistar II (MUV316, 15 stp)
3. og 4. semester (haust og vår):
Same emnefor utøvarar og komponistar: Masterprosjekt (MUV351, 20 stp)
Mastereksamen I utøving eller komposisjon (MUV352, 40 stp)
Utveksling
Instituttet legg til rette for utvekslingsopphald (normalt i 3. semester) ved ein utanlandsk institusjon.
Les om utveksling her
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon