Hva kan du se her?
Lynghagen ble opprinnelig delt i 7 tema (vist i kart), men sur, skrinn knaus og sandjord er siden byttet ut med kalkknaus.
Overgang mot den sørlige halvkule
Dette området dannar ein fin overgang mot samlinga frå Den sørlege halvkula.
Lyngfamilien har eit tyngdepunkt i Sør-Afrika, der slekta klokkelyng (Erica) har meir enn 700 artar. Diverre er det ingen av desse vi kan ha håp om å få til på Milde utan å ta dei inn om vinteren.
Men andre har overlevd, m.a. ein einskild busk av Epacris paludosa frå Mt. Kosciuszko i SA-Australia. Det har òg villinnsamla artar av Gaultheria frå Chile, som den vesle G. pumila.
I tillegg til lyngfamilien, finst nokre varmekjære artar som har den same vekstformen. Døme på slike er Podocarpus (Podocarpaceae; eit bartre) frå Sørøya i New Zealand, Maytenus disticha (Celastraceae) og Myrteola nummularia (Myrtaceae) frå Chile, som òg er tilpassa lynghei i fjella på den Sørlege halvkula.
"Blomsterlyng" - vårlyng, sommerlyng, klokkelyng og purpurlyng
"Blomsterlyng" er tema på venstre sida av vegen opp gjennom i Lynghagen. Her er det meininga å visa lyng med rikt og vakkert blomsterflor, særleg av slekta Erica der det finst eit stort utval av sortar. Temaet er fordelt over fire felt som på plankartet har fått eigne namn.
- Vårlyng (Erica carnea) kjem fyrst i blomst. Den er den mest herdige arten, og er derfor planta ned mot parkeringsplassen der det er kaldast om vinteren. Han kjem frå fjellområde i Sentral- og Søraust-Europa, der han blomstrar rett etter snøen er borte. I vårt milde kystklima let dei seg lokka i blomst tidleg, alt i desember og januar kjem dei tidlegaste sortane, og dei held det gåande til ut i mai.
- Sommerlyng er feltet over, der ei rad sortar av ulike lyngartar et planta. Første kjem munkelyng (Daboëcia) i slutten på juni månad, og får snart fylgje av fleire artar og hagehybridar av Erica. Me slit med å finna lyng som kan fylle gapet i bløminga frå mai til juni, men har planta nokre Rhododendron som kjem i denne tida. Det har óg vist seg vanskjeleg å finna artar som er hardføre nok i vårt klima. Til dømes er berre 19 aksesjonar av dei 69 me har planta ut Daboëcia framleis i live. Dei fleste kultivarane har vore kortlevde, men ein plante samle i Spania er framleis i god hevd, og ein og annan frøplante som har etablert seg på eigahand, kan syne seg å vera meir hardfør.
- Klokkelyng med vener viser sortar av klokkelyng (Erica tetralix) og nokre hybridar der klokkelyngen er ein av foreldreartane. Klokkelyng er ein hardfør art som er vanleg i vår landsdel, men arten har ikkje vore den enklaste å få til å trivast i hagen. Av dei 55 aksesjonane vi har testa er berre 13 framleis i live. Vi er på jakt etter fargevariantar i vår eigen natur, og har samla nokre plantar lokalt kring Bergen. Fire av desse er i live.
- Purpurlyng (Erica cinerea) er lite glad i vinterfrost og finst viltveksande berre heilt ytst langsmed kysten av Vestlandet. Nokre få har likevel vist seg herdige nok til trivast på dei luneste plassane i hagen. Berre ni av dei 94 aksesjonane me har testa er framleis i live, ein er ein frøplante som er komen opp i hagen, tre er samla i naturen på Vestlandet, og resten er hagesortar.
Lappeteppet - røsslyng
Her presenterer vi lyng med stort fargespekter og variasjon heile året, men blomstringa er framhald av tema 2 og strekkjer seg over det meste av hausten. I Lappeteppet er det sortar av Calluna vulgaris (røsslyng) som dominerer. Sidan røsslyng er ein typisk haustblomstrar, er det vorte vanleg å kalla han for høstlyng", ein bruk vi håper vi klarer å stoppa, for det namnet er knytt til Erica vagans.
I Lappeteppet finst og fleire delfelt:
- De fargerike består av ei samling røsslyng med eit stort fargespekter når det gjeld blad og greinverk.
- De trofaste er ei samling av dei sikraste sortane for våre norske tilhøve.
- Lappeteppet kallar vi og det største og mest innhaldsrike feltet av røsslyng. Dette store feltet presenterer eit rikt utval av blomsterfargar, blomsterformer som fylte eller knoppblomstrande etc., bladfarge og vekseformer.
Blandet selskap - pyramidelyng, liljekonvallbusk og kamellia
I kanten av furuskogen er lokalklimaet optimalt. Sola gir varme sjølv ein vinterdag, og dei høge trekronene reflekterar varmestråling om vinternatta, slik at frosten ikkje blir for sterk. Her syner vi eit blanda selskap av større buskar og små tre som trivst i torv- og skogsjord, og har høge krav til vekseplassen, t.d. pyramidelyng (Pieris) i lyngfamilien, liljekonvallbusk (Clethra) i Clethraceae og Camellia i te-familien.
Kalkknaus - lyng i samband med kalk
Lyng vert oftast ikkje sett i samband med kalk, men det finst unntak. Med lys raud marmor frå Moster i Sunnhordland og rikeleg mergel, har me laga til ein kalkknaus der me vil prøve lyng som trivst på kalkjord. Ein slik plante er kantlyng (Cassiope tetragona), ein arktisk-alpin art som finst i fjella nordpå i vårt land. Likevel trivst han her, saman med andre Cassiope-artar. I lag med dei har vi òg planta reinrose (Dryas octopetala) i rosefamilien, som finst i lag med kantlyng i Nord-Noreg. Vi vil freiste å få til lapprose (Rhododendron lapponicum) saman med dei, men dette har me ikkje lukkast med – enno.
Myrfeltet - låge buskar som veks på torvjord
Lyng skal ha det vått og surt er ein vanleg oppfatning. Sanninga er at dei fleste ikkje likar å stå i vatn, men trivst i eit fuktig klima med nedbør gjennom heile året.
På haugen øvst i Lynghagen har vi sett ulike låge buskar som veks på torvjord. Her blømer mellom andre kvitlyng (Andromeda), Kalmia, og Zenobia. Ei plantegeografisk overrasking er finnmyrt (Chamedaphne calyculata), som i Skandinavia berre finst heilt nordaust i Finland, der han er ei myrplante. Hos oss har han trivst i mange år utan problem, jamvel om det har vore hevda han ikkje kan vekse i det milde kystklimaet på Vestlandet.
Kart av lynghagen
Vil du vite mer om samlingen?
Du kan lese mer om lyngsamlingene her:
- Handeland, S. 2000. – Lynghagen i Arboretet blir til (ekstern lenke) – Årringen 2000 (4): 24-32
- Petterssen, E. B. & Handeland, S. 2001. – Lyng i Det norske arboret. Del 1. Vårlyng (ekstern lenke) – Årringen 2001 (5): 4-22
- Petterssen, E. B. & Handeland, S. 2002. – Lyng i Det norske arboret. Del 2. Sommerblomstrende lyng (ekstern lenke) – Årringen 2002 (6): 65-93
- Petterssen, E. B. & Handeland, S. 2003. – Lyng i Det norske arboret. Del 3. Klokkelyng og purpurlyng, de norske Erica-artene (ekstern lenke) – Årringen 2003 (7): 31-46