Masteroppgåve i administrasjon og organisasjonsvitskap

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I utviklinga av masteroppgåva øvast du opp til sjølvstendig vitskapleg arbeid og framstilling.

Masteroppgåva skal handle om eit tema som er relevant for administrasjon og organisasjonsvitskap. Oppgåvetema og problemstilling for masteroppgåva skal ha sitt utgangspunkt i eit av dei tematisk organiserte forskargruppene som til ei kvar tid strukturerer forskings- og seminarverksemda ved instituttet. Det vert forventa at du følgjer forskingsseminaret som forskargruppa organiserer i arbeidet med masteroppgåva. Du pliktar å følje eit av forskarseminara som di forskargruppe organiserar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten:

  • har inngåande kunnskapar om heile prosessen for eit forskingsprosjekt.
  • har inngåande kunnskapar om metodologiske og forskingsetiske tilnærmingar
  • har inngåande kunnskapar om vitskapleg tekstutforming og kjeldebruk

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan ta sjølvstendige val av tema, problemstilling og hypotesar
  • kan velja relevant teoretisk og metodisk tilnærming.
  • kan utvisa ei kritisk haldning til bruk av kjelder og informasjon, og har evne til sjølvstendig analyse og tolking.
  • kan nytta seg av akademisk skrivemåte, argumentasjon og referansebruk.
  • kan presentera og drøfta eige forskingsarbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføra samfunnsvitskaplege undersøkingar på ulike tema og problemstillingar
  • kan formidla og drøfte avanserte faglege arbeid og problemstillingar munnleg og skriftleg
  • kan bidra med forskingskompetanse i utviklings - og organisasjonsendringsprosessar.

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår og haust
Krav til forkunnskapar
  • AORG320A / GOV320
  • AORG322A / GOV322
  • AORG323A / GOV323
  • AORG321A / GOV321
  • AORG332 / GOV332
  • Eit av dei valfrie state of the art emna:

  • AORG325 / GOV325
  • AORG326 / GOV326
  • AORG327 / GOV327
  • AORG328 / GOV328
  • For studenter tatt opp høsten 2017 eller tidligere: AORG320, AORG321, AORG322, og AORG323.

    Tilrådde forkunnskapar
    Ingen
    Studiepoengsreduksjon
    Ingen 
    Krav til studierett
    Emnet er reservert til studentar som er tatt opp på masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitenskap. 
    Arbeids- og undervisningsformer
    Deltaking på forskargrupper og individuell rettleiing.
    Obligatorisk undervisningsaktivitet
    Presentasjon av utkast til masteroppgåve. Studenten skal minst ein gong pr. semester kommentere eit skriftleg/munnleg framlegg frå ein annan student. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i inneverande semester og må fullførast kvart semester studenten er meld i emnet. Arbeidskrava må være godkjent før eksamen kan avlegast.
    Vurderingsformer

    Innlevering av masteroppgåve. Masteroppgåva skal leverast elektronisk.

    Oppgåva skal vere frå 80 - 120 sider, unnteke framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg. Instituttet kan gi løyve til å skriva lengre oppgåver dersom særskilte faglege årsaker ligg føre. Grunngjeven søknad skal sendast til instituttleiar.

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
    Oppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

    Karakterskala
    Bokstavkarakterar A-F
    Vurderingssemester

    Vår og haust

    Masteroppgåva skal leverast i fjerde semester og det er følgjande faste fristar for vår- og haustsemesteret: 1. juni og 1. desember. Innlevering av masteroppgåva på anna tidspunkt må skje etter individuell søknad.

    Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrift til UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.gov@uib.no innen innleveringsfristen.

    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programrådet ved Institutt for politikk og forvaltning har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna. 
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.