Biologididaktikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- BIODI300
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Det overordna målet i emnet er at studentane skal utvikle seg som profesjonsutøvarar knytt til undervisning av biologi. Emnet har to gjennomgåande hovudspørsmål: korleis og kvifor.
I emnet blir det lagt stor vekt på varierte arbeidsmåtar i biologi, inkludert andre læringsarenaer enn klasserommet. Emnet har fokus på ulike utfordringar knytt til enkelte biologiske tema, som vanlege og kjente misforståingar, kontroversielle tema, og etiske utfordringar.
Emnet er gjennomgåande basert på forsking, henta frå biologi- og naturfagdidaktikk i tillegg til andre relevante felt. Læring og undervisning blir satt inn i et biologisk og evolusjonært perspektiv, og emnet byggjer på eit evolusjonspsykologisk læringssyn.
Emnet er lagt i same semester som ein lang praksisperiode der studentane får undervise i biologi, og der dei kan teste ut kompetansen i praksis og bruke erfaringane i siste del av emnet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- er godt kjent med biologididaktikk som forskingsfelt og har inngåande kunnskap om eit utval relevant forsking
- har inngåande kunnskap og erfaring med varierte arbeidsmåtar i biologi og korleis og kvifor desse kan bidra til læring
- har kunnskap om faktorar som kan påverke elevanes motivasjon og interesse for faget
- har kunnskap om utfordringar knytt til ulike biologiske tema som til dømes evolusjon
- har kunnskap om korleis læring kan setjast inn i eit biologisk og evolusjonært perspektiv
Ferdigheiter
Studenten
- kan definere tydlege læringsmål for elevane, velje arbeidsmåtar som er veleigna for at elevane skal nå læringsmåla og kunne evaluere i kva grad måla vart nådd
- kan leggje til rette for gode læringsprosessar i biologi basert på forsking frå ulike felt, inkludert biologididaktikk og evolusjonspsykologi
- kan nytte varierte arbeidsmåtar, inkludert alternative læringsarenaer, digitale verktøy og utforskande læring, og kunne grunngje dei
- kan nytte og kritisk vurdere forskingsbaserte kjelder og metodar for å få kunnskap om elevar, undervisning og læring i faget
- kan analysere læreplanar i biologi og velje relevante arbeidsmåtar og vurderingsformar i høve til kompetansemåla i læreplanen
- kan reflektere over etiske problemstillingar og korleis ein kan leggje opp undervisning i etisk utfordrande eller kontroversielle tema i biologi
- kan motivere elevar og leggje til rette for interesse for biologi
Generell kompetanse
Studenten
- kan nytte forsking frå biologi, biologididaktikk og andre relevante kjelder til å vidareutvikle seg som profesjonsutøvar
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
PEDA131, REALDI200 og LANGPRAKSIS1
Emnet skal normalt takast parallelt med LANGPRAKSIS2
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Gyldig i fire semester, inneverande og tre påfølgande.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- munnleg eksamen