Første langpraksisperiode
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 0
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- LANGPRAKSIS1
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Ved avslutta emne skal studentane ha dette læringsutbyttet definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om korleis elevar lærer i fag
- kjenner til vilkår for tilpassa opplæring
- har kunnskap om dei ulike arbeidsoppgåvene kontaktlæraren har
Ferdigheiter
Studenten kan
- praktisere god og tydeleg klasseleiing
- planlegge og gjennomføre variert undervisning i faga med utgangspunkt i kompetansemål og danningsmål, og kan grunngi vala ved hjelp av pedagogisk og fagdidaktisk teori
- vurdere kva elevane har lært og gi tilbakemeldingar som kan fremje læring
- bruke eit breitt register av undervisningsverktøy og læremiddel
Generell kompetanse
Studenten kan
- utvikle eigen praksis og profesjonsetiske forståing med utgangspunkt i læringa til eleven
- kommunisere med elevane om fag og læring ut frå deira nivå
- bygge gode relasjonar til elevane, og samarbeide med praksislærarar og medstudentar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Praksisperioden i skulen har eit omfang på 35 dagar, og inneber aktiv deltaking frå lektorstudentane. Studenten inngår normalt i eit team og deltar aktivt når teamet planlegg, gjennomfører og evaluerer undervisning, og i teamet sitt FOU-arbeid.
Praksis inneheld dei aktivitetane som inngår i arbeidskvardagen til ein lærar, og inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, elevsamtalar, foreldresamarbeid, møte- og samarbeidstid og andre praksisrelevante aktivitetar. I tillegg er rettleiing ein sentral del av praksis. Det skal leggjast til rette for at studenten også får observere lærarar og medstudentar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Praksis
Studentar som får ikkje bestått på emnet har høve til å ta emnet på nytt éin gong til.
Praksisbesøk og sluttvurdering av praksis
Praksisbesøk blir gjennomført av pedagogar og fagdidaktikarar frå Universitetet i Bergen. Studentar har normalt to praksisbesøk per praksisperiode. Besøka vert vurdert til godkjent eller ikkje godkjent. Dersom eit praksisbesøk ikkje blir godkjent, blir det normalt sett opp eit tredje besøk.
Bestått praksis: Grunnlaget for å få bestått praksis er at begge praksisbesøka er godkjende, at skulen foreslår bestått som sluttvurdering, og at alle obligatoriske undervisningsaktiviteter er godkjende.
Ikkje bestått praksis: Dersom alle praksisbesøka er vurdert som ikkje godkjende, og skulen foreslår ikkje bestått i sluttvurderinga, så gir det ikkje bestått som samla vurdering.
Sluttvurdering: Praksisrettleiar gir løpande tilbakemeldingar til studenten i praksisperioden, og sender forslag til sluttvurdering etter at praksis er gjennomført.
Tvil om greidd praksis: Dersom det ved avslutta praksis er tvil om sluttvurderinga, skal det haldast eit sluttvurderingsmøte. Føremålet med møtet er å vedta¿ om praksis er bestått eller ikkje bestått.
Nærare spesifikasjonar for vurdering av praksis finst i praksisreglementet for lektorutdanninga ved UiB.