Fagdidaktikk i fransk, spansk og tysk 1 (fag 1)

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Fagdidaktikk i framandspråk for fransk, spansk og tysk inngår som ein del av universitetet si lektorutdanning i framandspråk. Sentralt i studiet er spørsmål knytt til elevane si kompetanseutvikling i framandspråk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis studenten kan utvikle og relatere framandspråkfagleg kunnskap til det å vere framandspråklærar. Spesielt viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen fleirspråklege kompetanse, innsikt i undervisningsspråket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for språklæringa til elevane.

Studiet er organisert slik at ein har noko undervisning på tvers av språkfaga for å understreke ein felles kunnskapsteoretisk samanheng og med tanke på felles danningsmålsetjingar for språkfaga i skolen. Noko undervisning førgår på framandspråket, for å vidareutvikle tryggleik i bruk av dette i undervisninga og for å ta i bruk språkspesifikke fagomgrep.

Emnet inneheld 10 dagar praksis. Undervisninga i emnet vil gjennomgåande støtte studentane når dei skal reflektere over praksiserfaringar i lys av fagdidaktikk.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
  • har innsikt i fransk/spansk/tysk som dannings- og ferdigheitsfag
  • har kjennskap til sentrale teoriar om språklæring og fleirspråklegheit
  • har kunnskap om vilkår for læring og kompetanseutvikling i fransk/spansk/tysk
  • har kunnskap om ulike medium og tekstformer og korleis desse kan brukast til fagleg framstilling og kommunikasjon

Kunnskapar direkte knytt til praksis:

  • har kunnskap om dei ulike rollene til faglæraren og arbeidsoppgåver i tilknyting til undervisning

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan analysere styringsdokument for skolefaget
  • kan planleggje og reflektere over framandspråksopplæring basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap
  • kan vurdere læremiddel og arbeidsformer i faget i relasjon til læreplanen for faget
  • kan grunngi val og vurderingar ut frå eige fagsyn og praksisteori
  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på framandspråk innan fagfeltet

Ferdigheiter direkte knytt til praksis:

  • kan ta utgangspunkt i relevante kompetansespørsmål og aktuelle læremiddel for å planlegge og grunngje to til fire undervisningsøkter, gjennomføre øktene og reflektere rundt læringsprosessen
  • kan nytta relevante digitale verktøy og læremiddel som er i bruk i vidaregåande skule.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan reflektere over eigen og andre sin skolepraksis i lys av kunnskap innanfor dei framandspråkfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk)
  • har utvikla innsikt i framandspråkfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kan gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving
  • kan observere, reflektere over og vurdere eiga praksis for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i framandspråk.
  • kan undersøkje og drøfte framandspråklæring i lys av kunnskap innanfor dei framandspråkfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg
  • Har innsikt i ulike analoge og digitale ressursar som kan fremje språklæring.

Generell kompetanse direkte knytt til praksis:

  • kan opptre profesjonelt i møte med elevar, lærarar og andre aktørar i skulesamfunnet

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen og på nett
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
KPDAG1, KPDAG2. 30 studiepoeng i anten fransk, spansk eller tysk.
Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoeng-uttellinga for FRAMDI100-P redusert med 5 studiepoeng om det vert kombinert med FRANDI101/SPANDI101/TYSDI101, FRANDI201/SPANDI201/TYSDI201 eller FRANDI111/SPANDI111/TYSDI111, og 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAMDI100.

Eventuell kombinasjon med ENGDI201 etter søknad.

Krav til studierett
Opptak til 5-årig lektorutdanning ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Om lag 32 timar undervisning fordelt på førelesingar og seminar; av desse er en del felles med andre språk, og den andre delen språkspesifikk.

Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktiv læring, til dømes problembasert læring der studentane må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar

Undervisninga er som regel ansikt til ansikt, men kan også være digital.

Praksisperioden i skulen har eit omfang på 10 dagar, og vil innebere aktiv deltaking frå lektorstudentane. Studentane skal planlegge, gjennomføre og evaluere to til fire læringsøkter under rettleiing av praksisrettleiar, få innblikk i vurderingspraksis, delta i fagsamarbeid og i skulens FOU-arbeid.

Gjennomføring av praksis er obligatorisk og blir vurdert som godkjent/ikkje-godkjent.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne ta eksamen må studentane ha gjennomført og fått godkjent følgjande obligatoriske aktivitetar:

  • Eit munnleg og eit skriftleg arbeid på fransk, tysk eller spansk etter nærare retningslinjer.
  • 80% av undervisninga er obligatorisk. Undervisninga føreset aktiv deltaking og god førebuing.
  • Planleggje, gjennomføre og evaluere to til fire undervisningsøkter med ein klasse eller ei gruppe elevar i praksis
  • 100 % deltaking i kortpraksis i skulen, samt føre- og etterarbeid på campus.
  • Gjennomføring av praksis er obligatorisk og blir vurdert som godkjend/ikkje godkjend.

Antal forsøk på kortpraksis:
Kortpraksis er ein obligatorisk undervisningsaktivitet i emnet. Studentar som får ikkje godkjent på kortpraksis, kan ta kortpraksis på nytt éin gong til.

Varigheit:
Godkjende obligatoriske arbeidskrav (herunder kortpraksis) er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester. Gjennomføring av praksis er obligatorisk og blir vurdert som godkjend/ikkje godkjend.

Vurderingsformer

Eksamen i dette emnet har to delar: ei multimodal mappe og ein justerande munnleg eksamen.

Mappedel:

Innlevering av ein skriftleg tekst på norsk, der praksiserfaring og eigne språklæringserfaringar blir sett i lys av relevant teori. Teksten skal vere på 1500 ord (+/- 10 %).

I tillegg skal det leverast ei munnleg presentasjon i videoformat (5–7 minutt) på fransk, spansk eller tysk, der praksis blir kopla til teori. Nærare retningslinjer for begge oppgåvene blir gitt i studiet. Mappa blir gitt ein samla delkarakter.

Justerande munnleg eksamen:

Endeleg karakter i emnet blir fastsett etter justerande munnleg eksamen. Dette blir ein munnleg samtale på fransk, spansk eller tysk, der studenten kort presenterer mappa si og deretter reflekterer kring sentrale problemstillingar i framandspråksdidaktikk. Justerande munnleg kan justere karakteren på mappedelen opp eller ned med èin karakter.

Nærare retningslinjer for munnleg eksamen blir gitt i studiet.

Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for lektorprogrammet ved Institutt for framandspråk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.