Nordisk fagdidaktikk 1

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet er det grunnleggande kurset i nordisk fagdidaktikk for studentar som har valt nordisk som fag 1 i lektorutdanninga. Det gir ei didaktisk tilnærming til norskfaget i eit heilskapleg perspektiv. I dette inngår norskfagleg kunnskapssyn, læringssyn og kunnskap om språk og tekst i resepsjons- og produksjonsperspektiv. Emnet inneheld også 10 dagar praksis. Undervisninga i emnet vil gjennomgåande støtte studentane i å reflektere over praksiserfaringar i lys av fagdidaktikk. I emnet legg ein særleg vekt på:

  1. Norskfagleg og nordiskfagleg innhald, kunnskapsforståing og læring.
  2. Språklæring og språkutvikling.
  3. Tekstforståing og tekstskaping.
  4. Norskfagleg arbeid i praksis.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

● har innsikt i kva norskfagleg og nordiskfagleg kunnskap er, og korleis elevar kan tileigne seg og lære slike kunnskapar.

● har innsikt i sentrale styringsdokument for norskfaget.

● har innsikt i korleis elevar kan utvikle språkkompetanse og tekstkompetanse.

● har kunnskap om relevante norskfaglege læremiddel.

Kunnskapar direkte knytt til praksis:

● har kunnskap om dei ulike rollene til faglæraren og arbeidsoppgåver i tilknyting til undervisning i norskfaget.

Ferdigheiter

Kandidaten

● kan orientere seg i faglitteratur og teoriar i nordisk fagdidaktikk.

Ferdigheiter direkte knytt til praksis:

● kan planlegge, gjennomføre og grunngi undervisningsøkter med utgangspunkt i relevante kompetansemål og læremiddel.

● kan nytte relevante digitale verktøy og læremiddel som er i bruk i vidaregåande skule.

Generell kompetanse

Kandidaten

● kan reflektere over faglege og utdanningspolitiske problemstillingar knytte til norskfaget i skulen.

● kan vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til fagleg utvikling hos medstudentane og i norskfaget som heilskap.

● kan opptre profesjonelt i møte med elevar, lærarar og andre aktørar i skulesamfunnet.

Generell kompetanse direkte knytt til praksis:

● kan reflektere rundt bruken av relevante læremiddel og arbeidsmåtar i norskfaget.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
KPDAG1 og KPDAG2 og 30 studiepoeng i nordiskfaglege emne på 100-nivå i språk og litteratur.
Studiepoengsreduksjon
NODI100-P har fullt overlapp med NODI101, NODI201, DIDANOR1 og DIDANOR2.
Krav til studierett
Opptak til lektorutdanning med master i nordisk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga kombinerer førelesingar med seminar.

Det vert lagt opp til studentaktivitetar i undervisninga.

Praksisperioden i skulen har eit omfang på 10 dagar, og vil innebere aktiv deltaking frå lektorstudentane. Studentane skal planlegge, gjennomføre og evaluere to til fire undervisningsøkter under rettleiing av praksisrettleiar, få innblikk i vurderingspraksis, delta i fagsamarbeid og i skulens FOU-arbeid.

Gjennomføring av praksis er obligatorisk og blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte på minst 70% av førelesings- og seminarundervisninga.

For å kunne gå opp til eksamen må studentane vidare ha lagt fram eit fagleg innlegg. Spesifikasjonane for innlegget kan variere og vert fastsette i undervisningsplanen.

Obligatoriske undervisingsaktivitetar direkte knytt til praksis:

  • planlegge, gjennomføre og evaluere to til fire undervisningsøkter med ein klasse eller gruppe elevar i praksis
  • 100% deltaking i kortpraksis i skulen, inkludert for- og etterarbeid på campus.

Antal forsøk på kortpraksis: Kortpraksis er ein obligatorisk undervisningsaktivitet i emnet. Studentar som får ikkje godkjent på kortpraksis kan ta kortpraksis på nytt éin gong.

Varigheit: Godkjende obligatoriske arbeidskrav (herunder kortpraksis) har ei varigheit på tre semester.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ein 6-timars skuleeksamen. Meir informasjon vert gitt i studiet. Instituttet avgjer ved loddtrekning om eksamen skal skrivast på nynorsk eller bokmål. For skriftleg eksamen kunngjer instituttet skriftspråk seinast ei veke før eksamen. Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget, vert rett og god språkføring vektlagd.

Karakterskala
A-F.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for nordisk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.