Nordisk fagdidaktikk 1 (fag 2)

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet er det grunnleggande kurset i nordisk fagdidaktikk for studentar som har valt nordisk som fag 2 i lektorutdanninga. Det gir ei didaktisk tilnærming til norskfaget i eit heilskapleg perspektiv. I dette inngår norskfagleg kunnskapssyn, læringssyn og kunnskap om språk og tekst i resepsjons- og produksjonsperspektiv. Undervisninga i emnet vil gjennomgåande støtte studentane i å reflektere over praksiserfaringar i lys av fagdidaktikk. I emnet legg ein særleg vekt på:

  1. Norskfagleg og nordiskfagleg innhald, kunnskapsforståing og læring.
  2. Språklæring og språkutvikling.
  3. Tekstforståing, tekstskaping og tekstvurdering.
  4. Norskfagleg arbeid i praksis.

Læringsutbytte

Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

● har innsikt i kva norskfagleg og nordiskfagleg kunnskap er, og korleis elevar kan tileigne seg og lære slike kunnskapar.

● har innsikt i sentrale styringsdokument for norskfaget.

● har innsikt i korleis elevar kan utvikle språkkompetanse og tekstkompetanse.

● har kunnskap om dei ulike rollene til faglæraren og arbeidsoppgåver i tilknyting til undervisning.

● har kunnskap om skriveprosessar og vurdering av norskfaglege tekstar.

Ferdigheiter

Kandidaten

● kan orientere seg i faglitteratur og teoriar i nordisk fagdidaktikk.

● kan planleggje, gjennomføre og reflektere over norskfagleg undervisning.

● kan vurdere norskfaglege tekstar og gi læringsfremmande tilbakemeldingar.

Generell kompetanse

Kandidaten

● kan reflektere over faglege og utdanningspolitiske problemstillingar knytte til norskfaget i skulen.

● kan vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til fagleg utvikling hos medstudentane og i norskfaget som heilskap.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
KPDAG1, KPDAG2, KPDAG3 og KPDAG4. 30 studiepoeng i nordiskfaglege emne på 100-nivå i språk og litteratur.
Studiepoengsreduksjon
Fullt overlapp med DIDANOR1 og DIDANOR2.
Krav til studierett
Opptak til lektorutdanning med nordisk som fag 2 ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga kombinerer førelesingar med seminar.

Det vert lagt opp til studentaktivitetar i undervisninga.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte på minst 70% av førelesings- og seminarundervisninga.

For å kunne gå opp til eksamen må studentane vidare ha lagt fram eit fagleg innlegg. Spesifikasjonane for innlegget kan variere og vert fastsette i undervisningsplanen.

Vurderingsformer
Eksamensforma er 6 timar skuleeksamen. Meir informasjon vert gitt i studiet. Instituttet avgjer ved loddtrekning om eksamen skal skrivast på nynorsk eller bokmål. For skriftleg eksamen kunngjer instituttet skriftspråk seinast ei veke før eksamen. Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget, vert rett og god språkføring vektlagd.
Karakterskala
A-F.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for nordisk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.