Fagdidaktikk i engelsk 1 (fag 1)
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ENGDI100-P
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet ENGDI100-P har som mål å gi ei teoretisk og praktisk innføring i engelsk fagdidaktikk.
Emnet har fem hovudområde:
- Språklæring frå eit kommunikativt perspektiv
- Interaksjon med og gjennom engelskspråklege tekstar
- Interkulturell kompetanse
- Engelsk som skole-, kultur-, og forskingsfag
- Integrering av engelsk disiplinfag, språkdidaktisk teori og praksiserfaring
Emnet inneheld også 10 dagar praksis. Undervisninga i emnet vil gjennomgåande støtte studentane i å reflektera over praksiserfaringar i lys av fagdidaktikk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om engelsk som kultur-, skole- og forskingsfag
- har basiskunnskap om sentrale teoriar og nyare forsking innanfor andre- og framandspråksdidaktikk med særleg vekt på engelsk fagdidaktikk
- har kunnskap om ulike medium og tekstformer og korleis desse kan brukast til fagleg framstilling og kommunikasjon
- har kunnskap om dei ulike rollene til faglæraren og arbeidsoppgåver i tilknyting til undervisning
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke faglitteratur og andre informasjonskjelder til å strukturere og formulere engelskdidaktiske resonnement
- kan anvende sentrale teoriar og nyare forsking innanfor disiplinfag og språkdidaktikk i arbeid med cases frå klasserommet
- kan bruke innsikt i engelskfaget sitt kultur- og danningspotensial i arbeid med språklege, litterære og kulturelle tema
- kan bruke innsikt i språksystem, språkbruk og språkvariasjon i undervisning av engelsk
- kan ta utgangspunkt i relevante læreplanmål og aktuelle læremiddel og planlegge og grunngi to til fire undervisningsøkter, gjennomføre øktene og reflektere rundt læringsprosessen
- kan nytte relevante digitale verktøy og læremiddel som er i bruk i vidaregåande skule
- kan kritisk vurdere analoge og digitale læringsressursar
Generell kompetanse
Studenten
- kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk innan fagfeltet, med funksjonelt språk og presis bruk av termar og omgrep
- viser forståing for sentrale omgrep innanfor engelsk fagdidaktikk
- viser forståing for riktig bruk av primære- og sekundære kjelder
- kan reflektere rundt eigen læringsprosess og utvikling av språkleg, kommunikativ og didaktisk kompetanse
- kan opptre profesjonelt i møte med elevar, lærarar og andre aktørar i skulesamfunnet
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir gitt om lag 24 timer undervisning. Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet, til dømes case-basert læring der studentane må velje, grunngi og drøfte fagdidaktiske tilnærmingar saman med ein eller fleire medstudentar. Nokre av undervisningsøktene har også ei tilnærming der undervisninga tar utgangspunkt i videoar og anna digitalt materiale som studentane har sett seg inn i på førehand.
Praksisperioden i skulen har eit omfang på 10 dagar, og vil inneber aktiv deltaking frå lektorstudentane. Studentane skal planlegge, gjennomføre og evaluere to til fire læringsøkter under rettleiing av praksisrettleiar, få innblikk i vurderingspraksis, delta i fagsamarbeid og i skulens FOU- arbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunne ta eksamen må studentane ha gjennomført og fått godkjent følgjande obligatoriske aktivitetar:
- 80% deltaking i undervisning i engelsk fagdidaktikk
- 100 % deltaking i kortpraksis i skulen, og dessutan for- og etterarbeid på campus.
- Planlegge, gjennomføre og evaluere to til fire undervisningsøkter med ein klasse eller gruppe elevar i praksis
- Levere eit førsteutkast på 500 ord til den skriftlege eksamensteksten i engelskdidaktikk og gi tilbakemelding til medstudentar
Antal forsøk på kortpraksis: Kortpraksis er ein obligatorisk undervisningsaktivitet i emnet. Studentar som får ikkje godkjent på kortpraksis, kan ta kortpraksis på nytt éin gong til.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav (herunder kortpraksis) er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester. Gjennomføring av praksis er obligatorisk og blir vurdert som godkjend/ikkje godkjend.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Individuell innlevering av skriftleg tekst der praksiserfaring blir sett i lys av teori. Teksten skal vera på rundt 1500 ord
- Presentasjon av multimodal tekst i grupper, der kvart medlem gjer greie for sitt bidrag. Teksten presenterer og drøftar ei sjølvvalt fagdidaktisk problemstilling.