Læreplan og undervising
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PEDA131
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som overordna mål å gje lektorstudentar fagleg forståing for læreplanen og undervisninga i ljos av allmenndidaktiske problemstillingar.
Studentane vil for det fyrste få eit oversyn over korleis læreplanen i skulen vert forma av utdanningspolitiske strøymingar, historisk og i notid. Læreplanen er den sentrale didaktiske ressursen i lærararbeidet, samstundes som han er eit verktøy for politisk styring. Emnet vil gje innsikt i problemstillingar som spring ut av dette spenningsforholdet.
For det andre vil emnet gi ei innføring i allmenndidaktiske perspektiv på undervisning, med vekt på å gjere synleg ulike didaktiske omsyn, som mål, innhald, verkemiddel, føresetnader og rammer, læraren må balansere og sjå i samanheng.
For det tredje vil emnet bidrage til studentane sitt kunnskapsgrunnlag for å kunne gjere eigne didaktiske refleksjonar og avgjersler. Her vil emnet presentere teoriar om læring, motivasjon, vurdering, digital teknologi, estetikk og moralsk danning. Vekta vil liggje på korleis teoriane kan gje føringar for god undervisning og kva som skaper eit godt læringsmiljø i klasserommet. Prinsipp om inkludering og tilpassa opplæring vil verte gitt eit særskild fokus som ideal og praksis.
Gjennom deltaking i emnet vil studentane få styrke danninga av eigen profesjonell identitet og få øve opp dygder som leiarskap, kritisk tenking og gode vurderingsevne.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har brei kunnskap om allmenndidaktiske perspektiv på undervisning og læreplanar
- har fagleg forståing for historiske og notidige samanhengar mellom utdanningspolitikk og læreplanar
- har oversyn over sentrale teoriar om læring, motivasjon, estetikk og moralsk danning, og deira tyding for undervisning og læringsmiljø
- har reflektert kjennskap til didaktiske perspektiv på digital teknologi og vurdering
- har pedagogikkfagleg innsikt i prinsipp om inkludering og tilpassa opplæring som ideal og praksis
- har kunnskap om det fleirkulturelle klasserommet historisk og i nåtid, og kjenner til de lovmessige og politiske føringane som gjeld for samar, nasjonale minoritetar og minoritetsspråklege elever generelt
Ferdigheiter:
Studenten
- kan på ein sjølvstendig og reflektert måte drøfte praktiske undervisningssituasjonar og aktuelle læreplanar i ljos av allmenndidaktiske og utdanningspolitiske perspektiv
- kan gjere bruk av teoriar om læring, motivasjon og moralsk danning til å analysere og diskutere god undervisning og eit godt læringsmiljø
- kan reflektere over den didaktiske rolla digital teknologi, vurdering og estetikk kan spele i undervisninga og læringsmiljøet
- kan drøfte fagleg korleis prinsipp om inkludering og tilpassa opplæring kan sjå ut i praksis
- kan drøfte dilemma som kjem til uttrykk i det fleirkulturelle klasserom
Generell kompetanse:
Studenten
- kan syne gode og kritiske vurderingsevne i arbeid med undervisning og læreplanar
- kan gjere nytte av sentral pedagogikkfagleg og allmenndidaktisk kunnskap for å reflektere over og grunngje praktiske avgjersler i læraryrket
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert i førelesingar og seminar i mindre grupper. Seminara legg opp til studentaktive undervisningsformer og det vert forventa at studentane førebur seg ved å lese avtalte tekstar i forkant av seminara.
Kvar student har tilbod om 1 time individuell rettleiing på eit utkast til semesteroppgåva. I tillegg skal studentane gje tilbakemelding på semesteroppgåveutkasta til kvarandre.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:
- Semesteroppgåve (3000 ord +/- 10%) med utgangspunkt i læringsutbytet i emnet
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Merk at bruk av ChatGPT og andre AI-tekstgeneratorar ikkje er tillaten i innleverte skriftlege arbeid.
Programansvarleg
Det humanistiske fakultet
Det samfunnsvitenskapelege fakultet