Andre langpraksisperiode

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som overordna mål å gi ei praksisopplæring som gjer studenten i stand til å ta eit sjølvstendig ansvar for å fremje læringa og den faglege utviklinga til elevane. Studenten skal planlegge og gjennomføre eit lengre undervisningsforløp. Studenten skal legge til rette for at elevane får vist kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Studenten skal ved hjelp av pedagogisk og fagdidaktisk teori kunne kritisk reflektere over og grunngi dei val læraren står overfor og gjer.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:¿

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om overordna mål for faga og skulen som heilskap
  • har kunnskap om korleis elevar lærer i faget
  • har kunnskap om grunnlag og prinsipp for tilpassa opplæring

Ferdigheiter:¿

Studenten¿kan¿

  • tilpasse undervisninga til elevane sine føresetnader ¿¿
  • praktisere god og tydeleg klasseleiing og vere bevisst den relasjonsbyggande rolla til klasseleiaren¿¿
  • anvende eit breitt utval undervisnings- og vurderingsformer og grunngi val ved hjelp av pedagogisk og fagdidaktisk teori
  • dokumentere og vurdere elevane si læring og gi tilbakemeldingar for å fremje læring i faga¿
  • bruke relevante verktøy i planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, og kan rettleie elevar i den digitale kvardagen deira

Generell kompetanse:¿¿

Studenten¿kan

  • grunngi og utvikle sin eigen profesjonelle praksis i tråd med forskningsbasert kunnskap og profesjonsetiske normer
  • kommunisere med elevane om fag og læring utifrå deira nivå
  • etablere gode relasjonar til elevar, kollegaer og andre profesjonar i skulen
  • identifisere særskilte behov hos barn og unge i vanskelege situasjonar, og vite kva tiltak ulike aktørar i støtteapparatet rundt eleven rår over¿

Studiepoeng, omfang

Ingen

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Praksisskular tilknytta UiB
Krav til forkunnskapar
Langpraksis 1 må vere greidd.
Tilrådde forkunnskapar
Kampuspraksisdag 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7 og 8
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar på femårig lektorprogram.
Arbeids- og undervisningsformer

Praksisperioden i skulen har eit omfang på 35 dagar, og inneber aktiv deltaking frå lektorstudentane.

Praksis inneheld dei aktivitetane som inngår i arbeidskvardagen til ein lærar, og inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, elevsamtalar, foreldresamarbeid, møte- og samarbeidstid og andre praksisrelevante aktivitetar. I tillegg er rettleiing ein sentral del av praksis. Det skal leggjast til rette for at studenten også får observere lærarar og medstudentar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • 100 % obligatorisk deltaking
  • Praksislogg skal vere utfylt med dokumentasjon på at minst fem av loggaktivitetane er gjennomført i løpet av praksisperioda.
  • Vurderingsformer

    Praksis

    Studentar som får ikkje bestått på emnet har høve til å ta emnet på nytt éin gong til.

    Praksisbesøk og sluttvurdering av praksis

    Praksisbesøk blir gjennomført av pedagogar og fagdidaktikarar frå Universitetet i Bergen. Studentar har normalt to praksisbesøk per praksisperiode. Besøka vert vurdert til godkjent eller ikkje godkjent. Dersom eit praksisbesøk ikkje blir godkjent, blir det normalt sett opp eit tredje besøk.

    Bestått praksis: Grunnlaget for å få bestått praksis er at begge praksisbesøka er godkjende, at skulen foreslår bestått som sluttvurdering, og at alle obligatoriske undervisningsaktiviteter er godkjende.

    Ikkje bestått praksis: Dersom alle praksisbesøka er vurdert som ikkje godkjende, og skulen foreslår ikkje bestått i sluttvurderinga, så gir det ikkje bestått som samla vurdering.

    Sluttvurdering: Praksisrettleiar gir løpande tilbakemeldingar til studenten i praksisperioden, og sender forslag til sluttvurdering etter at praksis er gjennomført.

    Tvil om greidd praksis: Dersom det ved avslutta praksis er tvil om sluttvurderinga, skal det haldast eit sluttvurderingsmøte. Føremålet med møtet er å vedta¿ om praksis er bestått eller ikkje bestått.

    Nærare spesifikasjonar for vurdering av praksis finst i praksisreglementet for lektorutdanninga ved UiB.

    Karakterskala
    Bestått/ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste
    Ingen
    Emneevaluering
    Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssystem
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ikkje aktuelt
    Programansvarleg
    Felles programstyre for lektorutdanninga har det faglege ansvaret for lektorutdanninga.
    Emneansvarleg
    Felles programstyre for lektorutdanninga har det faglege ansvaret for praksisordninga i lektorutdanninga.
    Administrativt ansvarleg
    Lektorsenteret